Uniforum
17.11.2020
- Dette er verkeleg ein god dag. Det seier rektor Svein Stølen etter å ha fått nyhendet om at regjeringa går inn for at UiO og Oslo universitetssjukehus kan dela areala i Livsvitskapsbygget.
Det var klokka 9.30 i formiddag Kunnskapsdepartementet gjekk ut med ei melding om at regjeringa no vil ta sikte på å få Oslo universitetssjukehus inn i delar av det planlagde Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen. Etter planen er det Klinikk for laboratoriemedisin som skal leggjast til Livsvitskapsbygget, og til eit tilbygg.
Les merUiO-rektor Svein Stølen er strålande nøgd med denne løysinga.
- Universitetet i Oslo får meir plass enn det som me risikerte å få med den nedskalerte løysinga som Statsbygg og Kunnskapsdepartementet såg føre seg då kostnads-overskridingane blei kjende i august. Derfor er dette ein verkeleg god dag for UiO, seier Svein Stølen til Uniforum.
- Heroisk innsats
Han peikar på kva som er bakgrunnen for at denne løysinga no har kome på bordet.
- UiO tok eit sjølvstendig initativ til partnarskap med OUS og utvikla denne samarbeidsmodellen. Det har blitt gj