Målet med prosjektet er at det i framtida skal bli lettare og mindre farleg å handtera medisinbruk. Då skal pakningsvedlegget i medisinpakka kunna erstattast med digital informasjon som er tilpassa kvar enkelt brukar. For kvart år døyr 200 000 menneske for tidleg i Europa på grunn av at dei får dårleg oppfylging av medisin, ifylgje OECD.
- Veldig stort
Det er professor i sjukepleievitskap,Anne Moen frå Det medisinske fakultetet på UiO som leier prosjektet som er tildelt 200 millionar kroner i forskingsstøtte frå EU. 100 millionar kjem frå forskingsprogrammet Horisont 2020 og den andre halvparten kjem frå Innovation Medicine Initiative (IMI). Resten av finansieringa kjem frå dei private partane.
Det fem år lange prosjektet starta formelt 1.november, men den offisielle lanseringa skjer i dag gjennom ei felles pressemelding frå alle institusjonane og selskapa som deltar i prosjektet
Anne Moen er svært nøgd med at ho får leia eit slikt prosjekt.
- Det er faktisk veldig stort og ei stor utfordring, og det er ei oppgåve eg går til med stor respekt, fortel ho til Uniforum.
Ikkje lett å forstå
I pressemelding