- Årsaka til at UiO no har sett sentral beredskapsleiing er at fleire studentar er satt i karantene som fylgje av utbrotet av koronoviruset. Det stadfestar universitetsdirektør Arne Benjaminsen overfor Uniforum. Han stadfestar at også tilsette ved UiO er satt i karantene på grunn av virusutbrotet.
- Ja, det stemmer.
- Er nokre av dei smitta av viruset?
- Så langt er det ikkje påvist at nokre av dei er smitta, opplyser han til Uniforum.
Arne Benjaminsen forklarar også kva det inneber å setja sentral beredskapsleiing.
- Me har eit sett med rutinar om korleis me skal koordinera oss og informera studentar og tilsette i denne situasjonen, fortel han.
Fem smitta på Ullevål
I helga kom meldinga om at fem tilsette ved Augeavdelinga på Ullevål sykehus var blitt smitta av koronaviruset.
Den første som blei smitta var ein augelege som hadde vore på skiferie i Nord-Italia. Han drog på jobb etter at legen som hadde bakvakt hadde gitt han melding om at det ikkje var naudsynt å testa om han hadde blitt smitta av koronaviruset. Seinare viste det seg at han hadde fått smitten. No er også fire andre på augeavdelinga smitta. Samtidig har sjukehusdirektør Bjørn Atle Bjørnbeth og sjukehusleiinga bede 150 tilsette på Augeavdelinga om å halda seg heime dei neste 14 dagane. Augeavdelinga er no stengt.
Medisinstudentar må halda seg heime
Det medisinske fakultetet ved UiO be