Uniforum
28.10.2020
UiO fylgjer Oslo kommunes påbod om heimekontor for alle som kan jobba heimanfrå og oppfordrar til digital undervisning der det er mogleg. Det opplyser rektor Svein Stølen til Uniforum.
På måndag kom byrådsleiar Raymond Johansen i Oslo med ei sterk oppfordring til alle studiestadene i hovudstaden om å innføra digital undervisning i alle situasjonar der det er mogleg. Han bad også om at flest mogleg arbeidsplassar skulle påby dei tilsette å jobba heimanfrå, så sant dei hadde høve til det for å unngå for tette folkesamlingar i kollektivtrafikken. Regjeringa fylgde seinnare på dagen opp med liknande tiltak nasjonalt og lokalt avhengig av smittesituasjonen.
Les merVarslar innskjerpa tiltak