Uniforum
12.02.2021
Dagens rektor Svein Stølen og prorektorkandidat Åse Gornitzka får ingen motkandidatar under rektorvalet ved Universitetet i Oslo i år. Det gjorde Det sentrale valstyret klart i dag.
- Eg gler meg til å ta fatt på ein ny rektorperiode, vedgår Svein Stølen i eit intervju med Uniforum.
Les merDet var klokka 12.30 i dag det blei klart at rektor Svein Stølen er godkjent av Det sentrale valstyret som rektorkandidat under rektorvalet på UiO i 2021. Han får ingen motkandidat.
I dag lanserte også rektor Svein Stølen den nye valplattforma for 2021-2025. Med seg på rektorlaget har han dagens viserektor Åse Gornitzka som overtar som prorektor etter Gro Bjørnerud Mo. Ho held fram som ansvarleg for forsking og internasjonalisering. Per Morten Sandset held fram som viserektor for forsking og innovasjon.
Dei to nye medlemane på laget blir Bjørn Stensaker som blir viserektor for utdanning og Mette Halskov Hansen som blir viserektor for klima(miljø o