Det er likevel satsinga på bygging av 4000 nye studentbustader som er det aller viktigaste. Det er 2350 fleire enn det regjeringa føreslo i forslaget sitt til statsbudsjett for 2021. Det understrekar SVs utdanningspolitiske talsperson Mona Fagerås til Uniforum. Det var i går SV la fram sitt alternative statsbudsjett for 2021.
- Alle treng ein stad å bu og buutgifter ein kan leva med, også studentar, derfor meir enn doblar SV talet på studentbustader i sitt alternative budsjett, opplyser Mona Fageråsr i ein epost til Uniforum.
Etter hennar meining har bustadmarknaden blitt ein drivar til auka skilnader, der bustad er noko ein spekulerer i og ikkje bur i.
- Bustad er den største utgifta mange studentar har, derfor skal me, i tillegg til å byggja