Etter at fusjonsplanane vart kjent i juni, var det lenge stille. Men i september vakna engasjementet. Tidlegare administrerande direktør og styreleiar i SpareBank 1 Søre Sunnmøre Harald Indresøvde tok til motmæle mot fusjonen i eit lesarinnlegg i Møre-Nytt 6. september. To veker etter kasta mangeårig forretningsmann Tor Olsen seg på med eit innlegg i same avis med tittelen «Stopp fusjonen!». I innlegget går det fram at han har vore kunde i banken i 70 år og styreleiar i sju år.
TRUR PÅ VEKST
Gretland innser at det nok er ein del lokal motstand mot fusjonen.
- Det er ein bank med 170 års historie i Volda og Ørsta og som etter kvart har vakse til fleire kommunar i regionen. Det var stille lenge etter at fusjonsplanane vart offentleggjort. Motstanden starta med innlegget til Indresøvde som er ein person med tyngde og som blir lytta til. Samstundes sit vi som er tett på prosessen med ein del kunnskap som folk på utsida ikkje ser. Banknæringa endrar seg raskt, det er ikkje sikkert at banken uansett blir som han er i dag dei neste fem åra. Grunnen til at vi tilsette stiller oss bak dette, er at vi ser ein del utfordringar framover. Det går på konkurransebiletet generelt, nye og strenge regulatoriske krav frå myndigheitene, og vekstmoglegheiter. Vi trur det også kan gje oss tilsette ein del nye moglegheiter, seier Gretland.
- Det ein ofte ser med slike fusjonar er kostn