AddToAny

Stadig meir tyder på at økonomisk vekst ikkje lenger gjer verda betre, snarare tvert imot. Men kan vi tenkje oss eit samfunn utan?

- Uansett om ein meiner at kapitalismen kan reformerast eller må bytast ut, er det viktig å løfte fram andre moglege måtar å gjere ting på, seier økologisk økonom Tone Smith.
Vi merkar ikkje så mykje til det i Noreg, men ute i verda føregår det ein til dels livleg diskusjon om økonomisk vekst og alternativet, «degrowth» - eller «motvekst» på norsk. Det skjer i takt med stadig nye rapportar om akselererande artsutrydding og ressursforbruk, og om klimaendringar som førebels ligg nært på «worst case»-scenaria frå Klimapanelet.

- Uansett om ein meiner at kapitalismen kan reformerast eller må bytast ut, er det viktig å løfte fram andre moglege måtar å gjere ting på, seier Tone Smith. Ho er økologisk økonom og fagrådsleiar i Rethinking Economics Norge, ein organisasjon som arbeider for større mangfald i økonomiutdanningane og demokratisering av offentleg debatt om økonomiske spørsmål.

Eit nytt system

Smith var ein av initiativtakarane bak eit opprop som sto på trykk i fleire store norske aviser sommaren 2020. «Vi trenger et nytt økonomisk system som kan gi oss et godt liv uten å øke forbruket av energi og materielle ressurser», sto det i oppropet, som var underskrive av 75 kjende namn frå norsk kultur- og samfunnsliv. Underskrivarane forlangte ein open debatt om kva for økonomisk system vi vil ha, fram mot stortingsvalet i 2021.

Det fekk dei ikkje.

- Debattar om kapitalismen strandar gjerne når nokon seier «ja, men vi veit jo at kommunismen ikkje fungerer, så då er det ikkje noko å diskutere». Men samfunn har vore organisert på så mange ulike måtar gjennom tidene. Kvifor skulle det ikkje vere mogleg å lære av dei, eller til og med prøve ting som aldri har vore prøvd før? seier Smith.

Grenser for vekst

Dagens motvekstrørsle har sine kraftigaste røter i økologisk økonomi, ei fagretning som ser økonomien som summen av energi- og ressursflyten i samfunnet. Ifølgje økologisk økonomi ville velstandsauken vi har vakse opp med ikkje vore mogleg utan tilgang til enorme mengder billeg fossil energi. No veit vi at klimaendringar, miljøøydeleggingar og avfallsstoff er innbaka i dette energiforbruket.

Medan politikarar og økonomar flest vil løyse problemet med ny teknologi og flikking på skatte- og avgiftssystemet, hevdar motvekstrørsla at det ikkje er fysisk mogl

Les mer

Flere saker fra Fri tanke

HVORDAN TA OPP NOE VANSKELIG?
Fri tanke 14.02.2024
Når verden brenner og barn blir drept, er det vanskelig å føle nok omtanke for alle som trenger det. Hvordan klare å holde fast på denne mest menneskelige egenskapen?
Fri tanke 14.02.2024
- Hvis de bestemmer seg for å gjøre en demon ut av deg så greier de det, sier humanisten Gáspár Békés. Til slutt måtte han flytte utenlands.
Fri tanke 14.02.2024
Den som utforsker kvinnehelse generelt - og kvinners menopause spesielt - kommer fort til følgende konklusjon:
Fri tanke 14.02.2024
Det mest overraskende du kan si på internett er antagelig ikke «fitte» eller «idiot», men «jeg håper det går bra med deg?».
Fri tanke 14.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt