AddToAny

Sosialfagleg arbeid med familieoppfølging i Nav - ein vignettstudie

Sosialfagleg arbeid med familieoppfølging i Nav - ein vignettstudie
Samhandling med og om familiar i utsette situasjonar er ei viktig oppgåve i sosialt arbeid. Fleire velferdstenester har roller og ansvar, deriblant Nav.
Gjennom fokusgruppeintervju har vi fått innsikt i korleis sosialarbeidarar i Nav vurderer handtering av ein konstruert familiesituasjon der det er ulike utfordringar. Når sosialarbeidarane drøftar kva som kan gjerast for å hjelpe, vurderer dei handlingsalternativ i ein bestemt institusjonell kontekst. Dei nyttar eit vidare perspektiv enn primært arbeid, bustad og økonomi som imperativ, dei vurderer ansvar og grenser, og dei trekkjer fram samarbeid med omkringliggande tenester. Barnevernet framstår som ei sentral teneste å kontakte, men vi oppfattar at det manglar erfaring, rutinar, rammer og dialog omkring korleis ein skal samarbeide. Studien bidrar med kunnskap om vilkår for å arbeide med familieoppfølging i Nav.
Oppfølging av familiar i utsette posisjonar er ei sentral oppgåve i sosialt arbeid. Det norske velferdssystemet er prega av spesialisering og arbeidsdeling, medan dei problema familiar opplever gjerne er komplekse og av ein slik art at dei overskrid organisatoriske grenser (Hansen et al., 2020). For familiane inneber det at dei kjem i kontakt med mange hjelpeinstansar, og Nav er ofte ein av desse. Ei av kjerneoppgåvene til Nav-kontoret er å bidra til å løyse eller forebygge sosiale problem gjennom opplysning og enklare rettleiing, fagleg kvalifiserte råd og familieoppfølging (Furuberg et al., 2018). I denne samanheng er det relevant at Sosialtenestelova (2009) har som målsetting å bidra til at barn og unge og deira familiar får samordna og heilskapleg tenesteyting (§1). Lova skal sikre at barn sine behov og interesser blir tekne omsyn til i saksgang og stønadsvedtak, samt forplikte tenesteytarar til å vera merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta (§§ 18, 35, 37, 44, 45). Tilsette i Nav blir med det pålagde eit utvida perspektiv som inkluderer familierelasjonar.
Lov om sosialomsorg frå 1964 og etablering av sosialkontor i alle kommunar i Norge, bygde opp under familiebehandlingsprinsippet, noko vi kan sjå som uttrykk for eit familieperspektiv. Idealet var at eín person skulle saksbehandle alt som gjaldt same familie. Dette skulle sikre koordinert innsats. Familiebehandlingsprinsippet vart kritisert fordi dei vaksne kom i forgrunnen, noko som kunne svekke merksemd mot barnemishandling og omsorgssvikt, og tilsløre styrkeforhold og interessemotsetnader i familiar. Det vart slik sett eit avgrensa familieperspektiv. Ny lov om barneverntenester i 1992 medverka til å avvikle det sosialkontorbaserte barnevernet, og til å utvikle barnevernet som ei eiga sjølvstendig teneste som vektla barnet som subjekt, med eigne rettar (Messel, 2013).
Samanlikna med mange andre land har Norge ein aktiv stat som grip inn og set standardar for korleis barn skal ha det i familien. Vi har ein «offentleg familie», meir enn at familien er ei privatsak (Oltedal & Nygren, 2019). Familie medfører også kjønna relasjonar som spelar inn i tenesteyting (Nygren, K. et al. 2018). Vi kan likevel identifisere ulike syn i norsk familiepolitikk «mellom en tradisjonsbeskyttende linje der familien forstås som en enhet, og en linje der mor og far er individer først og familiemedlemmer etterpå» (Ellingsæter et al., 2020, s. 45). Sjølv om det ikkje er semje, verken fagleg eller politisk, om kva som representerer det optimale perspektivet for å ivareta familiar som treng støtte og hjelp, spelar velferdspolitiske føringar inn på tenesteutøvinga.
Sosialfagleg arbeid med familieoppfølging i Nav må relatere seg til arbeidslinja. Arbeidslinja er sentral for dagens velferdspolitiske verkemiddel som gradvis vart «... lagt om for å påvirke folks adferd til å søke arbeid framfor å motta sosiale stønader» (Hatland & Stjernø 2020, s. 185). I tråd med dette hadde Navreforma arbeidsretting som ei grunnleggjande målsetting (Prop. nr 46 (2004-2005); Meld. St. 33 (20152016).
I artikkelen diskuterer vi, basert på data frå ein vignettstudie om handtering av familiekompleksitet, korleis sosialarbeidarar frå tre ulike Nav-kontor snakkar om oppfølgingsarbeid med familiar i utsette posisjonar. Forskingsspørsmålet vi stiller er: Korleis vurderer sosialarbeidarane problem, tiltak, ansvarsdeling og samarbeid med andre tenester?

ANNA FORSKNING
Sjølv om lover og rundskriv legg til grunn at ein må sjå familien som heilskap, viser forsking at familieperspektivet manglar i stor grad, og at Nav har vore lite merksame på barn sin situasjon (Fossestøl et al., 2016; Hansen et al., 2020; Malmberg-Heimonen et al., 2019; Mølland et al., 2020). I mange tilfelle vil såkalla utsette familiar som har kontakt med Nav, ha barn som av ulike grunnar treng, og har rett til, hjelp frå barnevernet. Nokre familiar kan ha tiltak frå både Nav og barnevernet utan at dei to instansane samarbeider, sjølv der familiane ønskjer samarbeid på tvers. I Breimo et al. (2019) sin analyse av formaliserte samarbeidsnettverk knytt til barneverntenesta, kjem det fram at Nav sjeldan er med i slike nettverk, sjølv om fagdirektorata til Nav og barnevernet har utarbeida retningslinjer som oppfordrar kommunane til å etablere samarbeidsfora (Nav, 2016). Også andre studiar som ser på samhandling mellom Nav og barnevernet, gir bitar til eit større bilete som viser at samarbeidet er mangelfullt. Institusjonelle forhold knytt til ulike logikkar i tenestene; velferdstatslogikk kontra omsorgslogikk, og arbeidslinja og forsørgarrolle kontra vektlegging av tilknyting og barns emosjonelle behov, blir framheva som utfordringar i problemforståing, og med konsekvens for tiltak og interorganisatorisk samhandling (Ask & Sagatun, 2020; Oterholm, 2018).
I ein studie av ulike vilkår for sosialt arbeid i Nav, kjem det fram ulike oppfatningar om kor vidt styrking av arbeidslinja har redusert den merksemda dei svakaste fekk før Nav vart oppretta (Fossestøl et al., 2016). «Dei svakaste» er forstått som personar som har samansette vanskar, ofte relatert til rus og psykisk helse, som kan trenge tett oppfølging over tid, og der målet om ordinært arbeid kan synest langt unna. Lippestad og Braathen (2016) finn i si evaluering av ordningar til foreldre med alvorleg sjuke barn, at Nav ser individet, men ikkje mangfaldet i foreldra sin situasjon, og at eit familieperspektiv manglar. Dei gir døme på at barnet har ein kontaktperson i Nav, medan mor, som prøver å kome tilbake i jobb, har ein annan saksbehandlar. Andre studiar problematiserer også korleis sosialfagleg kompetanse er under press i Nav, kva forhandlingar som går føre seg, og diskuterer kor vidt heilskapleg oppfølging er mogleg innanfor Nav sine institusjonelle rammer (Larsen et al., 2017; Røysum, 2014; Skjefstad, 2013; Øvrelid, 2018).
Det har blitt auka merksemd om å utvikle program som eignar seg for familieintervensjonar, der samansette problem fordrar heilskapleg og koordinert innsats (Hansen et al., 2020; Malmberg-Heimonen et al., 2019; Mølland et al., 2020). Med bakgrunn i prosjektet «Helhetlig oppfølging av lavinntektsfamilier» (HOLF) i Nav, viser Rugkåsa og Bergheim (2020) at familiekoordinatorane hadde ulikt syn på om dei skulle snakke med barn om deira situasjon og behov, eller om dei skulle innhente informasjon gjennom foreldra. Forfattarane sin konklusjon er at der dei tilsette samhandlar med barna, og ikkje berre dei vaksne, fekk dei meir heilskapleg og nyansert innsikt i komplekse problem, og hjelpa kunne i større grad tilpassast behova til familien (Rugkåsa & Bergheim, 2020, s.158). Dette er interessant i lys av Furuberg et al. (2018) som poengterer at den rådande tilnærminga i Nav er at barneperspektivet må styrkast i tenesta, men då gjennom å kartlegge betre korleis barna har det, og kva dei treng, gjennom kontakt med vaksne som kjenner barna, primært foreldra.

TEORETISK PERSPEKTIV
Sosialarbeidarar arbeider ofte innanfor institusjonelle kontekstar med innlærte og rutiniserte måtar å lese saker og situasjonar på (Drew & Heritage, 1992; Lipsky, 1980; Måkitalo, 2014). Dei skal med eit profesjonelt blikk vurdere om situasjonen er innanfor mandatet til eigen eller tilgrensande etat. Samtidig er det mange avvegingar der svaret ikkje er gitt. Eit heilskapleg perspektiv på menneske og problem, slik sosialarbeidarar både ifølgje teoretisk grunnlag og verdiforankring for sosialt arbeid bør ha, inneber å sjå personen i dei situasjonar og relasjonar vedkomande står i (FO, 2019; Levin, 2004). Då skal sosialarbeidaren vere open for meir enn det presenterte problemet, ved å kartleggje ulike faktorar som verkar inn på den aktuelle situasjonen, og leite etter løysingar saman med den eller dei det gjeld.
I tråd med dette har familieperspektiv djupe røter i sosialt arbeid (Gasker & Vafeas, 2010). Vi kan spore det tilbake til pioneren Mary Richmond som la vekt på kontakt med brukaren sin familie for å få fram fleire delar av konteksten (Levin, 2004). Eit slikt perspektiv kan arte seg ulikt i praksis, men vil i hovudsak rette seg mot både vaksne, barn og innbyrdes relasjonar i familielivet. Hughes (2010), som kategoriserer ulike nivå for familiebasert innsats og oppfølging, hevdar at eit heilskapleg familieperspektiv må inkludere alle familiemedlemmar.
I ein omfattande studie av barn og foreldre sin medverknad i barnevernet, blir det poengtert at barnets eige perspektiv må inngå som ein komponent for at det skal vere eit heilskapleg barneperspektiv (Havnen et al., 2020). Samtidig viser studien at foreldre uttrykker at barnevernet einsidig lyttar ti
Les opprinnelig artikkel

Flere saker fra Fontene forskning

Tittelen på boka, Krysspress - dilemmaer i sosialt arbeid i velferdsstaten,
Fontene forskning 10.06.2021
Westby disputerte for ph.d.-graden i Barn og unges deltakelse og kompetanseutvikling (BUK) på Høgskolen i Innlandet.
Fontene forskning 10.06.2021
Referanse til artikkelen: Bente Ohnstad, Mette Sønderskov & Terje Ødegaard (2021). Urettmessige meldinger til barnevernet: En utilstrekkelig påaktet rettssikkerhetsproblematikk. Fontene forskning, 14(1), 32-44.
Fontene forskning 10.06.2021
Utgiver Fellesorganisasjonen (FO) Fontene forskning kommer to ganger i året. Fontene kommer 10 ganger i året.
Fontene forskning 10.06.2021
Boka Hvordan gjøre dokumentanalyse: En praksisorientert metode er utgitt på Cappelen Damm Akademisk i serien Forskningsmetoder.
Fontene forskning 10.06.2021

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt