AddToAny

Solid om velferdsstatens historie

Solid om velferdsstatens historie
Anmeldt av Rolv Lyngstad Professor emeritus, Nord universitet, Rolvjostein45@gmail.com
Den norske velferdsstaten er og har vore eit viktig emne for forsking og analyse i årtider. Ei lang rekke bøker, artiklar og avhandlingar er publiserte, og verken yrkesutøvarar eller politikarar har mangla materiale for å forstå det vi vekselvis kallar velferdsstat og velferdssamfunn. I eit historisk perspektiv og fram til 1975 har Anne Lise Seip sine arbeid hatt ein dominerande plass i framstillinga av velferdsstaten. Ei samla framstilling av dei viktigaste utviklingstrekka etter at folketrygda vart innført i 1967 har vi likevel mangla. Som undervisar og forskar i over 40 år har eg sakna dette. No har fire sentrale forskarar sett seg fore å framstille utviklinga av velferdsstaten dei siste 50 åra, og la meg ta konklusjonen med ein gong: Det er ei solid og etterlengta bok som studentar, fagfolk og politikarar vil finne interessant. Tittelen er informativ, men kanskje litt lite spenstig og indikerer ikkje godt dei mange spennande konfliktar og stridstema som blir framstilt i teksten.

BOKA ER FØRST OG FREMST
beskrivande med eit vell av faktaopplysingar og relevante data som studentar i ulike velferdsfag vil ha stor nytte av. Gjennom over 400 sider viser forfattarane korleis velferdsstaten pregar samfunnet vårt. Vekta er lagt på dei velferdspolitiske reformar og underliggande politiske prosessar som har kjenneteikna perioden frå innføringa av folketrygda i 1967 til 2017. Ein kritisk merknad er likevel på sin plass: Ettersom boka er avslutta i februar 2020 ville det ha vore tid til å omtale Nav-skandalen - det som mange omtalar som den største velferdspolitiske skandalen i vår tid. Skandalen har fått stor merksemd fordi EØS-regelverket vart tolka feil. Saka illustrerer godt korleis aukande overnasjonalitet i lovsamarbeidet har konsekvensar for velferdsytingane. I eit historisk perspektiv er dette viktig, og boka ville ha tent på å ha omtala dette i lys av tendensen til rettsleggjering og internasjonalisering av velferdspolitikken.

BOKA AVGRENSAR seg til trygd, helse og omsorg som er velferdsstatens kjerneområde. Dermed ekskluderer dei endringar i velferdsgoder som har samanheng med til dømes skatte-/inntektspolitikk, kulturpolitikk eller distrikts-/sentraliseringspolitikk. Heller ikkje grunnleggande endringar knytt til demografi, globalisering og økonomiske strukturendringar blir analysert s
Les opprinnelig artikkel

Flere saker fra Fontene forskning

Liv Altmann og Kari Paulsrud (2023). Taushetsplikt i tverrfaglig samarbeid. Retten til å dele opplysninger i arbeid med barn og unge. Gyldendal Akademisk.
Fontene forskning 12.12.2024
Artikkelen utforsker oppsøkende sosialarbeideres kontakt med marginaliserte unge, og er basert på materiale samlet inn gjennom fokusgruppeintervjuer med åtte deltagere.
Fontene forskning 12.12.2024
Fontene forskning 12.12.2024
Med utgangspunkt i et datamateriale fra åtte fokusgruppeintervjuer med ansatte i barnevernstjenesten, undersøker vi i denne artikkelen hvordan faglig skjønn kommer til uttrykk når de skal vurdere samvær mellom barn og foreldre etter omsorgsovertakelse. Utgangspunktet for diskusjonene i fokusgruppene var en vignett som var utviklet av forskningsgruppen.
Fontene forskning 12.12.2024
Fontene forskning 12.12.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt