Ren Mat
05.09.2019
Fårikål, rullepølse, pinnekjøt, smalahove... Kjøt av sau eller lam står sterkt i mattradisjonen vår. Kokk og kokebokforfattar Åse Kongsvik meiner at nokon rettar blir betre om ein byter ut lammet med sauen, ei undervurdert råvare.
NOKON HAR EIN GONG sagt at sauer er ålreite dyr. Rett nok vil mange ha det til at dei ikkje er så veldig oppvakte, men eg er ikkje så sikker på at det stemmer. Berre sjå på kor flinke dei er til å halda seg der dei skal i fjellet og å finna heim igjen om hausten. Og tenk på den verdiskapinga! Frå høgfjellet der det stort sett berre veks lyng og lav, noko vi ville blitt temmelig slanke av å livnæra oss på, produserer sauene det mest smakfulle, møyre kjøtet til søndagsmiddagane våre. Sauene gjer gull av gråstein, uttalte nestleiar i Bonde og småbrukarlaget og prosjektledar i Økologisk Norge, Kathrine Kinn tidlegare i haust. Eg kunne ikkje vera meir samd!
BØNDER ER OFTE fortvila over den lave prisen dei får for sauekjøtet sitt. Den varierer gjennom året, og kan vera heilt ned
Gå til medietBØNDER ER OFTE fortvila over den lave prisen dei får for sauekjøtet sitt. Den varierer gjennom året, og kan vera heilt ned


































































































