LO-Aktuelt
08.02.2017
Av 10 000 elevar som byrjar på vidaregåande skule har nesten 3000 endå ikkje fullført fem år seinare. Korleis kan arbeidsplassane inkludere dei?
Utanforskap truar ein stadig større del av dei unge både i Noreg og internasjonalt. Mest utsett er dei unge med utfordringar som psykiske vanskar, ADHD, rus, tøff oppvekst eller andre helsevanskar. Høvet til å finne seg ufaglært lønna arbeid i kommune, på ferja, på havna, i det lokale verftet eller i byggebransjen for dei som ikkje er så teoristerke, er ikkje til stades i same grad som før, sjølv om det framleis er mogleg å få til.
Samfunnsutviklinga generelt har bidrege til å gjera formell kompetanse viktigare. Krav om teoretisk kunnskap har auka også i bransjar som tidligare var meir reine handverksfag. I tillegg kjem arbeidsinnvandringa og flyktningkrisa. Er det i det heile jobb å få for ein motlaus ungdom som ikkje klarar å gå på skulen?
Gjennom å følge 16 ungdomsprosjekt knytt til NAV og dei vidaregåande skolane ulike stader i landet over ein periode på 3-4 år, har vi treft fleire unge som avbraut skulen, kom inn i negative sirklar, mista nettverk, og tapte mot til å omgåast andre. «Jeg har konsentrasjonsvansker, jeg kommer meg ikke opp om morgenen, jeg interesserer meg ikke så lenge om noe om gangen. De prøver å motivere meg hele tiden. Jeg sliter med det å sitte stille, får problemer etter 10-15 minu
Les opprinnelig artikkelSamfunnsutviklinga generelt har bidrege til å gjera formell kompetanse viktigare. Krav om teoretisk kunnskap har auka også i bransjar som tidligare var meir reine handverksfag. I tillegg kjem arbeidsinnvandringa og flyktningkrisa. Er det i det heile jobb å få for ein motlaus ungdom som ikkje klarar å gå på skulen?