- Vi ser fleire og fleire forsøk på svindel. Ofte nyttast avansert teknologi, for eksempel i biletmanipulering, og dette kan vere vanskeleg å oppdage, seier Joris van Rossum, STMs direktør for forskingsintegritet.
Huben skal leggje til rette for at utgjevarane kan utveksle informasjon og utvikle rammeverk og standardar for teknologiske løysingar retta mot problematikken.
Står sterkare saman
The International Association of Scientific, Tecnhnical and Medical Publishers (STM) er ein internasjonal samanslutnad av ulike forleggjarar og utgivarar. I desember 2021 vart plattforma STM Integrity Hub lansert, og i mai i år presenterte Rossum initiativet på World Conference on Research Integrity i Cape Town i Sør-Afrika.
Det er medlemmene, deriblant British Medical Journal, Wiley og Elsevier, som skal finansiere initiativet, fortel Rossum i ein videosamtale.
- Saman kan vi meir effektivt bruke teknologi for å avsløre uærlegdom, og vi kan lære av kvarandre. For nokon av sakene vi jobbar med, er det også heilt nødvendig at vi samarbeider, til dømes for å oppdage det når same artikkel er send til fleire tidsskrift samtidig.
Verktøy må delast
Å sende same artikkel til fleire tidsskrift er ikkje lov, og når det likevel skjer, skaper det mykje un�