Det var onsdag 20. februar det blei klart at Den europeiske universitetsorganisasjonen EUA ynskjer å kartleggja og greia ut konsekvensane av innføringa av open publisering av all offentleg finansiert forsking. Dei som får ansvaret for undersøkinga må sjå både på konsekvensane av Plan S og fylgjene av at nokre forlagshus, som til dømes Springer Nature inngår les- og publiseravtalar med enkeltinstitusjonar og konsortium av universitet.
Glidande overgang til Plan S?
Dei vil også sjå på om det er mogleg at slike les-og publiseravtalar, etter kvart kan gi ein glidande overgang til Plan S, der det endelege målet altså er at all offentleg finansiert forsking skal vera ope tilgjengeleg. Initiativet til EUA (European University Association) får støtte både frå EU-kommisjonen og EU-rådet.
- Plan S er eit felleseuropeisk initiativ
Tysdag 19. februar røysta stortingsfleirtalet ned eit forslag