Utdanning
07.06.2024
Ein vidaregåande skule med eige gardsbruk er berre ein fjern draum for mange lærarar og elevar. Men i Bergen er dette verkeleg.
I sauefjøset deltar elevar ved Stend vidaregåande skule i det daglege arbeidet med fôring og stell. Samtidig blir teorifag som matematikk og naturfag gjort synlege og nyttige i praksis.
Mariell Berntzen og dei andre jentene i elevgruppa fyller silofôr i trillebåra og skuvar ho inn på fôrbrettet til sauene. Den eine trillebåra etter den andre blir tømde. Medan dyra ventar på servering, nappar og bit dei litt utolmodig og vennskapleg borti kjeledressane til elevane som fer forbi.
- Dyra er vane med å ha folk rundt seg, seier Kari Hole Falck.
Ho er utdanna barne- og ungdomsarbeidar og er arbeidsleiar i fjøset for ei gruppe elevar som får eit tilrettelagt undervisingstilbod.
Mariell Berntzen har vore elev ved Stend sidan i fjor sommar og har funne sin favorittsau. Den har fått namnet Kvitveis. Mariell og Kvitveis er blitt så nære venner at søya kjem bort til henne straks ho oppdagar den unge røktaren i fjøset.
Førsteval
- Sauer er mine klare favorittar mellom husdyra. Dei er så sjarmerande og lette å få kontakt med. Det er godt å ha sauer rundt seg i skulekvardagen, seier Mariell.
Ho fortel at vidaregåande opplæring på Stend var hennar førsteval. På ungdomsskulen sleit ho mykje med konsentrasjonsvanskar.
- Det var ikkje lett å få inn teorifag. Me sat ved pulten eller ved tastaturet heile dagen. Her får me læra om dyr og dyrestell både i teori og praksis i tillegg til vanlege allmennfag.
På Stend er Mariell i ei gruppe saman med sju andre el
Gå til medietMariell Berntzen og dei andre jentene i elevgruppa fyller silofôr i trillebåra og skuvar ho inn på fôrbrettet til sauene. Den eine trillebåra etter den andre blir tømde. Medan dyra ventar på servering, nappar og bit dei litt utolmodig og vennskapleg borti kjeledressane til elevane som fer forbi.