AddToAny

Potensielle traumer og langvarige muskel- og skjelettsmerter hjå ungdom. Ein tverrsnittstudie

Potensielle traumer og langvarige muskel- og skjelettsmerter hjå ungdom. Ein tverrsnittstudie
Arne Kandal, MSc., fysioterapeut, psykomotorisk fysioterapeut, Lebesby kommune. arne.kandal@lebesby.kommune.no. Lebesby kommune.
Tore Aune, PhD., førsteamanuensis ved Institutt for sykepleie og helsevitenskap, Nord universitet.
Psykologspesialist, Bufetat, Region Midt-Norge.

Denne vitenskapelige artikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 30. juni 2021. Studien som artikkelen baseres på (UNG-HUNT 3) er godkjent av Regionale etiske komiteer, med referansenummer 4.2006.250.
Studien vart vurdert og godkjent av forskingsutvalet ved Nord universitet (2018). Ingen interessekonflikter oppgitt.

Innleiing
Artikkelen ble først publisert på www.fysioterapeuten.no.

Langvarige muskel- og skjelettsmerter (LMSK) er ein av dei mest vanlege helseproblema i Noreg, og medfører store kostnadar for samfunnet (1). I den vaksne befolkninga er det estimert at halvparten har LMSK i løpet av eit år (1-3). Vidare er det rapportert samanhengar mellom psykisk helse (4-6), somatisk helse (7), sosiale faktorar (4) og LMSK.
Førekomsten av potensielle traumatiske opplevingar (PTO) er høg, og det er estimert at over halvparten av befolkninga har hatt ein eller fleire slike opplevingar (3, 8). I den vaksne befolkninga er det vist at ein av risikofaktorane for å utvikle LMSK er PTO i barndommen (3, 9-11). I motsetning til desse resultata har Nelson et.al (2017) og Nelson, Simons & Logan (2018) ikkje funne ein slik saman-
Sammendrag Bakgrunn: Hensikta med studien var å undersøke om det er ein assosiasjon mellom potensielle traumatiske opplevingar i barndom og langvarige muskel- og skjelettsmerter.
Design: Ein kvantitativ tverrsnittstudie Materiale: Alle deltakarar i Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag, UNG-HUNT 3.
Metode: Utval frå spørjeskjema i UNG-HUNT 3; langvarige muskel- og skjelettsmerter, potensielle barndomstraumer, alder, kjønn, familiesamhald, sosial kompetanse, einsemd, angst- og depresjonssymptom, fysisk aktivitet, røyking og søvn. Det vart brukt hierarkisk lineær multippel regresjonsanalyse for å analysere assosiasjonar.
Resultat: Studien inkluderte 6342 ungdommar, gjennomsnittsalderen i utvalet var 15,9 år. Hierarkisk lineær multippel regresjonsanalyse viste ein signifikant assosiasjon mellom potensielle traumatiske opplevingar og lang
heng mellom LMSK og PTO når det gjeld barn og ungdom (12, 13).
Det har ikkje tidlegare blitt gjennomført ein populasjonsbasert studie der ein undersøker om PTO predikerer utvikling av LMSK hjå barn og ungdom der ein samstundes kontrollerer for kjente risiko- og beskyttande faktorar.
På bakgrunn av tidlegare forsking har vi ein hypotese om at det er ein ikkje-statistisk samanheng mellom rapporterte LMSK og PTO i eit populasjonsbasert utval av barn og ungdom i alderen 13-19 år. Med dette forventar vi at PTO ikkje predikerer utvikling av LMSK kontrollert for kjente konfunderande faktorar.

varige muskel- og skjelettsmerter. Av dei konfunderande faktorane hadde angst- og depresjonssymptom, søvn og familiesamhald størst assosiasjon med langvarige muskelog skjelettsmerter hjå ungdom.
Konklusjon: Ungdommar som har vore utsett for potensielt traumatiske opplevingar har høgre sannsyn for å utvikle langvarige muskel- og skjelettsmerter samanlikna med ungdommar som ikkje har slike opplevingar. Til fleire potensielle traumer ein ungdom har opplevd til større er sannsynet for at personen har langvarige muskel- og skjelettsmerter. Vidare viser resultata at både sosiale, mentale og fysiske variablar har statistisk signifikant innverknad på utvikling av langvarige muskel- og skjelettsmerter hjå ungdom i ein generell populasjon.
Nøkkelord: langvarige muskel- og skjelettsmerter, potensielle traumatiske opplevingar, ungdom.

Materiale og metode
Studiedesign
Denne studien brukar datagrunnlag frå UNG-HUNT 3 som er ein del av «Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag». Utvalet blir sett på som representativt for den norske befolkninga (14).

Studiepopulasjon
Det vart invitert 10.464 ungdommar til å delta, og 8.200 (78%) deltok i undersøkinga. Gjennomsnittsalderen i utvalet var 15,9 år (SD = 1.8). Deltakarane som ikkje hadde svart på ein eller fleire av dei inkluderte variablane vart ekskludert. Totalt utgjorde 6.342 ungdommar (77.3%) det endelege utvalet. Av desse var det 3.268 (51.5%) jenter og 3.074(48.5%) gutar.

Variablar
Langvarige muskel- og skjelettsmerter (LMSK): Smerter vart målt ved spørsmålet; «Kor ofte har du hatt nokre av desse plagene i løpet av dei siste tre månadane? (ikkje relatert til nokon kjent sjukdom eller skade)». Spørsmåla var delt opp for ulike stadar i kroppen, til dømes nakke-/skuldersmerter, øvre del av rygg og så vidare.

© Author(s) (or their employer(s)) 2021. Re-use permitted under CC BY-NC. No commercial re-use. See rights and permissions (https://creativecommons.org/licenses/by-nc/4.0/). Published by Fysioterapeuten.

Svaralternativ var følgjande: aldri/sjeldan, ein gong i månaden, ein gong i veka, meir enn ein gong i veka, nesten kvar dag. Spørsmåla er basert på tidlegare forsking, og har vist god validitet og reliabilitet for å måle smerter blant ungdom (15). LMSK vart målt som smerter der frekvensen er på ein gong i veka eller meir, og varar i minst tre månadar (7). Svaral
Gå til mediet

Flere saker fra Fysioterapeuten

Kunsten å undre seg når andre preges av frustrasjon: Joost van Wijchen søker samtale når andre river seg i håret.
Fysioterapeuten 22.01.2025
Mer enn 20 prosent av alle arbeidsdyktige i Norge står utenfor arbeidslivet. Andelen unge på uføretrygd er mer enn doblet siden 2010. Ved Rehabiliteringssenteret AiR i Rauland, har fagteamet fire uker på seg for å få folk tilbake i arbeid.
Fysioterapeuten 22.01.2025
Inger-Johanne Skjold, MSc. fysioterapeut, psykomotorisk fysioterapeut, Åstveit Helsesenter. inger.johanne.skjold@gmail.com.
Fysioterapeuten 08.05.2024
Fysioterapeuten 24.01.2024
Kontaktpersoner er bindeleddet mellom avtalefysioterapeuter og kommunen. I Indre Østfold bidrar Terese Brustad og Hege Fundingsrud Novak til å synliggjøre fysioterapeuters rolle.
Fysioterapeuten 24.01.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt