I staden er det visepolitimeister Ingmar Farstad som svarar for Bøen.
Politiforum har stilt ei rekke spørsmål til politidistriktet, mellom anna disse:
- Er det ordinær praksis i politidistriktet å varsle Spesialeininga for politisaker når nokon hevdar at politiet held noko skjult?
- Kvifor beslutta politimeisteren først å sende saken til Spesialeininga to dagar etter hendinga?
- Kva gjorde politimeisteren for å sette seg inn i Amdams dialog med Sunnmørsposten før beslutninga om å oversende saka til Spesialeininga ble tatt?
- Amdam meiner det ville vore naturleg å rutinemessig oversende saka til Spesialeininga etter at det blei kjend at ein mann var død etter å ha vore i basketak med politiet. Korleis stiller politimeisteren seg til det?
- Vurderinga om å ikkje sende saka over til Spesialeininga for politisaker var ei del av ei fortløpande vurdering. Regelverket vi har, og informasjonen vi hadde i starten, tilsa at vi ikkje skulle sende den over.


































































































