Universitetsavisa
11.04.2017
Opp til 50 000 personar tok til gatene i Budapest sundag for å demonstrera mot regjeringa si avgjerd om å stengja Central European University.
Dei håpa presidenten ville leggja ned veto mot lova som vil stengja universitet som er registrerte i utlandet, skriv Uniforum.
Les merDemonstrasjonen på sundag var truleg den største som nokosinne er blitt arrangert mot dagens statsminister Viktor Urban og høgrepartiet hans, Fidesz.
Dei gjekk gjennom gatene i Budapest med krav om at president Janos Ader må leggja ned veto mot lova som opnar for at regjeringa kan stengja universitet som er registrerte i utlandet, melder BBC og The Guardian. Også Uniforums fotograf Ola Sæther var til stades og tok bilete frå demonstrasjonane. Men demonstrasjonane påverka ikkje president Janos Ader. Mån


































































































