Han må gå på jobb likevel. Det må resten av staben òg - inn i det grå betongbygget midt i Oslo, inn dei doble glasdørene, til kontora der fotografar helst ikkje får ta bilete og telefonsamtalar skjer i lydtette rom. Her tener ein pengar på å ta risiko kvar einaste dag. Det er iallfall det som er tanken.
- Dei beste investeringane skjer når vi meiner noko anna enn alle andre - og vi har rett. Det er krevjande å stå i, særleg fordi det kan ta lang tid før vi veit om valet vi tok, var rett eller gale, seier seniorrådgjevar Anders Meland.
EIT BETRE MENNESKE
Han er tilsett i Norges Bank Investment Management, altså Oljefondet, for å sikre at dei rundt 500 tilsette presterer sitt beste.
For å prestere godt, må du kunne ta risiko. Du må vite at det er ok å feile, og du må lære av feila.
Anders Meland, Oljefondet
Meland har doktorgrad i idrettspsykologi - eller prestasjonspsykologi, eit synonym han slenger ut på vegen opp til kontoret. Å jobbe med toppidrettsutøvarar og militære flygarar, slik han har gjort, er nemleg ikkje heilt ulikt å jobbe med nokon av Noregs fremste talknusarar.
- For å prestere godt, må du kunne ta risiko. Du må vite at det er ok å feile, og du må lære av feila. Klarer du det, blir du både eit betre menneske og dyktigare i jobben.
ROLLEMODELLAR PÅ TOPPEN
Etter at Nicolai Tangen overtok som sjef i 2020, har Oljefondet sitt arbeid med arbeidsmiljø og psykologisk tryggleik fått ein sterkare prioritet. Fire månader etter at han kom inn, vart Meland tilsett. Og i oktober i år vedtok toppleiinga nye leiarprinsipp, der psykologisk tryggleik er ein sentral del.
Alle leiarane får høyre om temaet på kurs og samlingar. Snart lanserast det dessutan ein digital hub der dei vil lære om kva «a caring and inclusive leadership», derunder psykologisk tryggleik, eigentleg betyr.
- Det er viktig at leiarane er rollemodellar, seier Iselin Sommereng, som sjølv har tittelen Head of People Development.
Har vi eit sunt ytringsklima, tar alle i organisasjonen betre val.
Iselin Sommereng, Olje