Foto: Ola Sæther
Oppfordringa om å mobilisera mot føretaksmodellen kom på eit møte for 80 NTL-tillitsvalde frå universiteta og høgskulane på OsloMet-Storbyuniversitetet i går. Der trekte også Toril Nustad, som er landsstyremedlem i NTL og tilsett ved Universitetet i Tromsø, fram korleis fagforeininga i samarbeid med andre fagforeiningar hadde lykkast i å skapa ein opinion mot forslaget om å gjera universiteta og høgskulane om til føretak då tidlegare forskingsminister Kristin Clemet for første gong la det fram i 2003.
- Sjølv om Ryssdal-utvalet foreslo dette, bøygde Kristin Clemet av og la forslaget tilbake igjen i skuffa i 2004, konstaterte ho.
Les i Uniforum: - Viktig å avklara tilknytingsforma
Les i Uniforum: Kristin Clemet: - Ikkje noko nederlag
Toril Nustad viste til korleis dei hadde klart å skapa ein allianse av fagforeiningar, professorar, rektorar og universitetsstyre som blei avslutta med ei samling på over 1000 personar i Universitetets aula fylgd av eit fakkeltog til Stortinget.
- Me skal klara å stoppa forslaget på nytt, men då er det viktig at me startar arbeidet no, og ikkje ventar på at ei utgreiing skal bli