AddToAny

No skal makta til nordiske koronaekspertar under forskarlupa

No skal makta til nordiske koronaekspertar under forskarlupa
Makta til dagens koronaekspertar, kjønn og mangfald i nordisk førhistorie og suvenirar turistar tok med frå Norden på 1800-talet. Det er tema for nokre av prosjekta som har fått 10 millionar kroner frå UiO:Norden.
Det var tidlegare i haust UiO: Norden lyste ut 10 millionar kroner til forskingsprosjekt som skulle handla om Norden. Til saman kom det inn 17 søknader, langt fleire enn det UiO: Norden-direktør Tore Rem hadde rekna med.

Rett før helga bestemte styret for UiO: Norden kva prosjekt som skulle få desse pengane. Dei enda opp med prosjekta Experts in Nordic Policy-making -increasingly powerful?, Gendering the Nordic Past og Collecting Norden. Samtidig får det eksisterande prosjektet Tvisyn i nordisk natur leia av teologiprofessor Marius Timman Mjaaland halda fram med ei ny tildeling frå UiO: Norden.

- Hard konkurranse

Direktør Tore Rem er godt nøgd med at desse prosjekta blei plukka ut:

- Det var hard konkurranse om midlane denne gongen, og fleire søknader kunne fortent støtte. Dei utvalde prosjekta framstår som nyskapande og av høg vitskapleg kvalitet. Alle har dessutan potensial til å nå ut med sine funn og innsikter. Dei tre heilt nye prosjekta utgjer i det heile tatt sterke supplement til UiO:Nordens portefølje, og eg er også glad for at eitt av våre pågåande prosjekt, "Nordiske reaksjoner på klimakrisen", har fått høve til å forsterka verksemda si, gir Tore Rem uttrykk for i ein epost til Uniforum.

Ekspertkunnskap i politikken

Det er professor Cathrine Holst frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi og forskarkollegaen hennar, førsteamanuensis Johan Christensen frå Leiden-universitetet i Nederland som står i brodden for prosjektet Experts in Nordic policy-making - increasingly powerful? Og Cathrine Holst er heilt klar på at pengetildelinga får mykje å seia for forskinga deira.

- Midlane gjer det mogleg for oss å finna ut meir om kva rolle ekspertkunnskap spelar i politikken, forklarar ho i ein epost til Uniforum. Ho viser til at gruppa på UiO er sett saman av sosiologar, statsvitarar, filosofar og helseforskarar. Og i tillegg har dei med seg internasjonale samarbeidspartnarar i og utanfor Norden. Cathrine Holst fortel

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt