AddToAny

Mogleg å opna klinikkane igjen, men ikkje enno

Mogleg å opna klinikkane igjen, men ikkje enno
- Desse avvika dreiar seg om ein systemsvikt. I ein slik situasjon er det viktig at me hjelper kvarandre og støttar kvarandre.
Det er lov å ha ulike meiningar, men det er uakseptabelt at me ikkje kan gjera det med folkeskikk, sa universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe på allmøtet for studentar og tilsette på Psykologisk institutt tysdag ettermiddag.

HEILE REKTORATET: UiO-rektor Sven Stølen blei møtt av eit fullt auditorium då Psykologisk institutt opna dørene for å lata studentar og vitskaplege tilsette lesa eigne dikt,.

Foto: Ola Sæther

Oppfordringa blei møtt med buing frå forsamlinga. Det var høg temperatur på allmøtet i Harald Schelderups hus der universitetsleiinga og studentane og dei tilsette på Psykologisk institutt ofte snakka forbi kvarandre eller i munnen på kvarandre.

Det var 12. oktober universitetsleiinga bestemte at klinikkane på Psykologisk institutt måtte stengjast straks.Samtidig gav universitetsleiinga Kluge Advokatfirma i oppdrag å laga ei juridisk vurdering av situasjonen på klinikkane og om dei hadde drive i strid med lovverket. Samtidig fekk også Internrevisjonen i oppdrag om å laga ein rapport om forholda på klinikkane ved Psykologisk institutt.

Klinikkane kan opnast når avvika er retta opp

Tysdag ettermiddag var rapporten frå Kluge Advokatfirma klar.

Konklusjonen i rapporten var at klinikkane kan opnast igjen, men ikkje før dei avvika som rapporten har avdekt, er retta opp. I rapporten blir det peika på at det er spesielt viktig at det straks blir sett i verk tiltak for å unngå at studentar behandlar pasientar utan at rettleiar er til stades, og at rettleiaren er så nær som mogleg. Ei mogleg gjenopning må skje i nært samarbeid mellom Universitetet i Oslo/Psykologisk institutt og Helsetilsynet, står det i rapporten.

På allmøtet kom både rektor Svein Stølen, prorektor Gro Bjørnerud Mo, viserektor Per Morten Sandset og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Dei blei introduserte av SV-dekan Nils-Henrik von der Fehr. Rektor Svein Stølen syntest at dette var ei vanskeleg sak. - Det har vore utfordrande for Universitetet i Oslo, og sidan det er universitetsdirektøren som er den øvste administrative ansvarlege på UiO, er det ho som har hatt hovudansvaret for å handsama denne saka. Men eg har heile tida vore i nær dialog med Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og med viserektor Per Morten Sandset sa Svein Stølen, før han gav ordet vidare til Bjørneboe.

- Ser alvorleg på saka

-Me måtte undersøkja saka. At me valde å stengja klinikkane viser at me ser alvorleg på saka, spesielt på pasientbehandlinga. Studentar har behandla pasientar på kveldstid utan rettleiar til stades. Det strir mot eit føre-var-prinsipp, slo ho fast. - Eg synest det er viktig at instituttleiinga tok tak i dette og melde frå til UiO-leiinga. Dersom me ikkje ryddar opp i denne saka sjølve, kan dette bli ei tilsynssak. Det viktigaste no er å ta best mogleg vare på pasientane. Det er viktig å hugsa midt i denne store utfordringa, meinte Bjørneboe.

Så overtok viserektor Per Morten Sandset o g gjekk gjennom dei ulike lovene og retningslinjene klinikkane hadde brote, ifylgje rapporten frå Kluge. Lenger nede i artikkelen ligg det eit oversyn over dei ulike lovene og retningslinjene som advokatfirmaet har vurdert om klinikkane har brote.

Alvorlege nok regelbrot til å forsvara stenging

Studentane og dei tilsette kom med mange spørsmål til UiO-leiinga etter at dei hadde greidd ut om innhaldet i rapporten. Ein av dei var Audun Holm Torgersen som er studentrepresentant i instituttstyret ved Psykologisk institutt. - Rapporten konkluderer med at klinikkane kan opnast igjen, dersom dei tiltaka rapporten føreslår blir sette i verk. Det heiter altså å setja i verk, ikkje å gjennomføra, slik UiO-leiinga sa, understreka han.

Profesjonsstudenten Ida slo fast kva ho meinte var det største problemet. - Det største avviket er at dette tilbodet til pasientane er blitt avbrote, sa ho. Eitt av spørsmåla som gjekk igjen var om dei regelbrota som var gjorde, var så alvorlege at det ville forsvara å stengja klinikken.

- Det er viktig korleis me skal me ta vare på pasientane. Det er store avvik som no er publiserte. Og når me no diskuterer avvika, så er kvar og eitt av dei alvorlege nok til å stengja klinikken, konstaterte viserektor Per Morten Sandset.

Håp for vidare drift

Tillitsvald Helene Nissen-Lie meinte at det var håp for vidare drift på klinikkane.

- Me kan slutta å bruka video, for då slepp med å søkja Datatilsynet om konsesjon. Den pasientbehandlinga me gir på klinikkane kan heller ikkje reknast som spesialisthelsetenester,ifylgje både rapporten frå Kluge og frå rapporten frå Aslak Syse. Det er viktig at pasientane får tilbodet sitt tilbake. Så langt har me enno ikkje fått på plass alternativ. Derfor er det uheldig at me må venta så lenge på rapportane frå Intern revisjon. Me kan retta opp avvika ganske raskt, eller omgå dei tinga som gir oss problem, meinte Nissen-Lie og fekk rungande applaus.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe fekk også spørsmål om praktikum for profesjonsstudentane i psykologi skulle flyttast ut av Harald Schelderups hus i Forskningsveien. - Ja, det skal flyttast ut av Harald Schelderups hus, stadfesta ho.

Kunne ikkje lova snarleg opning av klinikkane

Etter allmøtet møtte Uniforum rektor Svein Stølen og viserektor Per Morten Sandset. Me ville gjerne ha svar på når klinikkane på Psykologisk institutt kan opnast igjen:

- Då må me først ha nok informasjon til at me kan gjera det på ein trygg måte. Me må sjå på alle avvika, me må koma i dialog med Helsetilsynet og Datatilsynet og ta det derifrå, svara rektor Svein Stølen.

- Kva vil i mellomtida skje med pasientane og profesjonsstudentane som held på med å avslutta studiet sitt?

- Når det gjeld pasientane så er det eit løp der rettleiarane skal fylgja opp pasientane, spesielt om de

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt