AddToAny

Miljøarbeid i ungdommar sitt heimemiljø

Miljøarbeid i ungdommar sitt heimemiljø
Miljøarbeid med ungdommar i deira heimemiljø, er tema for denne boka. Målet er utvikling av faglege alternativ til institusjonsopphald for barn og unge med åtferdsvanskar.
Sagatun har sjølv arbeidd i barnevernet, og ho har intervjua både jenter og gutar i 14-18 års alderen om miljøarbeid. Den mest sentrale kilda som ligg til grunn for denne boka er forfattaren si eiga doktoravhandling i sosialt arbeid ved NTNU i 2005. Til grunn for avhandlinga blei åtte gutar, deira foreldre og miljøarbeidarar intervjua.

«Et møte med en av guttene og miljøarbeidaren hans» er fortellinga vi blir kjende med i starten av denne boka. Gjennom boka blir vi kjende med ulike sider av miljøarbeidet. Som det å mobilisere den forelderen som ikkje bur fast saman med ungdommen (kap 4). Medforelder er altså den forelderen ungdommen ikkje bur fast i lag med. Miljøarbeidaren møter sporadisk medvirkning frå fedre med stor velvilje, medan mødrene sitt strev for å skape eit daglegliv for gutane vert lite verdsett. Sagatun finn ingen historier om miljøarbeidarar som forsøker å få medforeldre med i aktivitet og omsorg når medforelder er kvinne.

Miljøarbeidaren som deltek i omsorgen i heimen (kap 5), rettar ulike forventningar til mødre og fedre. Til dømes blir den kompetansebaserte autoriteten lite verdsett og tematisert hos mødrene, medan den blir styrka hos fedrene dersom den posisjonsbaserte tippar over og vert for sterk hjå fedrene. Korleis miljøarbeidarane i direkte kontakt med ungdommen støttar opp under deira utvikling på ulike livsområder, kjem fram i dei to neste kapitla (kap 6 og 7). Sagatun er kritisk til tradisjonell utviklingspsykologi fordi den medfører ei mangelfull kontekstualisering. Ho trekker på Vygotskijis «stillasbyggingsprosess» om korleis nokon som kan meir, stiller sin kompetanse til rådvelde for den som kan mindre. Gjennom sitt materiale får Sagatun fram eksempel på denne prosessen. Denne består i å fange opp og forsterke lærlingen si interesse for oppgåva, forenkle oppgåva, understøtte retningen på og peike ut viktige sider ved oppgåva, frustrasjonskontroll og å lette oppgåva ved å demonstrere korleis ungdommen kan utvikle gjensidige relasjonar. Dei unge blir endra fra å vere menneske som blir oppdregne til menneske som også oppdreg sine oppdragarar, altså ei endring fra passivitet til medvirkning. Nina omtalar til dømes miljøarbeidaren sin som veninne, og i kontrast til tidlegare erfaringar med barnevernstjenesten seier no Nina om seg sjølv: «Jeg er ikke et problem, jeg er et menneske» (s. 112). Kulturell orientering er ei viktig side ved utviklingsstøtta. Dette gjer seg mellom anna utslag i korleis ungdommen framstår som kjønna. Sagatun ser ein fare i at miljøarbeidarar først og framst oppmuntrar dei unge gutane til å vise fram ein maskulintet som etterkvart blir marginal i vårt samfunn, medan jentene sine miljø-arbeidarar viser fram variasjonar av den moderne kvinneligheten.

Det siste området innan miljøarbeidet dreier seg om korleis dei unge går fram i sine utviklingsprosjekt (kap 8). Deira måte «å gjere kjønn på» er å gjere seg større ved å inngå i relasjonar med andre. Det vil seie at utvikling er ikkje eit individuelt prosjekt, men i større grad eit kulturelt prosjekt. Sagatun seier at fordelen med å sjå på vekst ved hjelp av omgrepet «å gjere seg større» (doing) framfor omgrepet «å bli større» (being), er at denne vridinga i det teoretiske grepet fører til at aktørperspektivet blir teke meir på alvor. Den andre er i større grad deltakar i ein medskapingsprosess, istaden for å vere tilskodar til at andre endrar deira livssituasjon og bestemmer over tolkinga av deira utviklingsprosjekt.

Sosialkonstruksjonisme og kulturpsykologi som teoretisk perspektiv (kap 2), betydning av kjønn i sampelrelasjonar (kap 3) og avsluttande refleksjonar om det å forstå kunnskap som ligg til grunn for heimebaserte tiltak (kap 9) er kapittel som meir bidrar til teoriutvikling i sosialt arbeid. Her er eit sentralt perspektiv at ein må forstå barnevern og sosialt arbeid som komplisert, relasjonelt og kontekstuelt miljøarbeid, på linje med all menneskeleg samhandling. Sagatun er kritisk til tradisjonelt barnevernarbeid med denne gruppa, fordi ein er for mykje orientert mot problem og avvik. Da kan det bli vanskeleg å

Les mer

Flere saker fra Fontene forskning

Liv Altmann og Kari Paulsrud (2023). Taushetsplikt i tverrfaglig samarbeid. Retten til å dele opplysninger i arbeid med barn og unge. Gyldendal Akademisk.
Fontene forskning 12.12.2024
Artikkelen utforsker oppsøkende sosialarbeideres kontakt med marginaliserte unge, og er basert på materiale samlet inn gjennom fokusgruppeintervjuer med åtte deltagere.
Fontene forskning 12.12.2024
Fontene forskning 12.12.2024
Med utgangspunkt i et datamateriale fra åtte fokusgruppeintervjuer med ansatte i barnevernstjenesten, undersøker vi i denne artikkelen hvordan faglig skjønn kommer til uttrykk når de skal vurdere samvær mellom barn og foreldre etter omsorgsovertakelse. Utgangspunktet for diskusjonene i fokusgruppene var en vignett som var utviklet av forskningsgruppen.
Fontene forskning 12.12.2024
Fontene forskning 12.12.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt