Fri tanke
05.09.2022
Vi kan spegle oss i og undre oss over andre sine forteljingar, og slik kan vi lære noko om den innvikla kjærleiken som kanskje har relevans for vårt eige liv.
Filosofien er fin den altså, men den har ein tendens til å bli litt for abstrakt og fjern for mange. Det same gjeld den spesialiserte kunnskapen som utdanningssystemet i vår tid byggjer på, meiner filosofen, skribenten og grunnleggaren av «The School of Life», Alain de Botton:
Den manglar nerve, rotfeste og relevans for det faktiske livet. De Botton held fram at livsvisdom er lettast tilgjengeleg gjennom ein kombinasjon av filosofi og litteratur. I litteraturen møter vi forteljingar vi kan spegle oss i, og ved å leve oss inn i dei, undre oss over relevansen dei kan ha for oss, kan vi lære noko.
Det dukkar ofte opp små forteljingar i samtalane eg som studenthumanist har med studentar. Det er forteljingar om noko viktig, men også noko som er vanskeleg å få tak på. Det er fint å ha nokon å fortelje høgt til, å gi forteljinga ord og kanskje meining. Vi viklar ut floka - men ikkje for mykje og for fort! I samtalen mellom oss passar vi på at vi ikkje går ut i frå at vi har høyrt forteljinga før, at vi veit korleis ho endar og kva moralen eller slutten er. Forteljinga, undringa og dialogen skal vere fri.
Desse korte forteljingane er inspirert av samtaler eg har hatt med studentar der vi har undra oss kring kjærleiken. Personane, namna og forteljingane er fiktive eller anonymiserte, medan undringa, spørsmåla, kjenslene og forvirringa er ekte.
MAJA SI FORTELJING
Det er tredje gongen no. Ja, om ein tel med den gongen vi såg ho på Kiwi ned i sentrum. Tredje gongen dei smiler til kvarandre. Denne gongen skjer det ved trappa inne på studenthuset. De
Gå til medietDen manglar nerve, rotfeste og relevans for det faktiske livet. De Botton held fram at livsvisdom er lettast tilgjengeleg gjennom ein kombinasjon av filosofi og litteratur. I litteraturen møter vi forteljingar vi kan spegle oss i, og ved å leve oss inn i dei, undre oss over relevansen dei kan ha for oss, kan vi lære noko.