Ren Mat
17.06.2016
Vi er lærde til å tenke globalt og handle lokalt, men vil vi ha kaffi, sukker og rom med godt samvett må vi kanskje òg byrje å tenke lokalt medan vi handlar globalt.
DEI SISTE FIRE månadane har eg vore innom elleve land. Stort sett i Sør-Amerika og Karibia, og stort sett for å sjå på matproduksjon. Kor kjem han frå, den maten vi importerer? Korleis vert dei produserte, dei matvarene vi ikkje får til å dyrke i Noreg? Sukker, til dømes, kva veit vi om kor det kjem frå, og korleis det reiser den lange vegen til oss? SUKKER ER AV dei råvarene som vert selde mest i verda. Alt i alt reiser mellom 10 og 20 prosent av matvarene i verda over ei landegrense, men når det gjeld sukker er talet mellom 20 og 25 prosent. Over ein tredjedel vert seld som råsukker, det vil seie at sukkeret berre er halvvegs foredla før det vert seld vidare. I tillegg vert prisen på sukker styrt av kjøp og sal av såkalla futures, det vil seie at sukkeret er seld til ein fast pris lenge før det er verken planta eller hausta. Slike f
Gå til mediet