Rett før jul overleverte Opptaksutvalets leiar Marianne Aasen sin rapport til forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.
I rapporten blir det føreslått å fjerna alle typar tilleggspoeng for alder, avtent verneplikt og folkehøgsskule.
Og dei som ikkje kjem inn på draumestudiet sitt i første omgang fordi dei ikkje har gode nok karakterar, skal kunna ta ein standardisert opptaksprøve med heilt nye fag, men dei vil også bli testa i norsk, engelsk og matematikk på likt. Dermed blir det berre den prøven. Fram til no har mange tatt opp nesten alle faga frå den vidaregåande skulen for å forbetra karakaterane sine.
20 prosent av studieplassane skal fordelast gjennom ein opptaksprøve
I framlegget frå Opptaksutvalet vil rundt 20 prosent av studieplassane bli sette av til dei søkjarane som må gjennom den standardiserte opptaksprøven for å få ein ny sjanse. 80 prosent av studieplassane skal fordelast til dei som kjem inn på studia på grunnlag av karakterane frå den første gongen faga blei bestått.
Utvalet føreslår også å innføra kjønnskvotar i staden for kjønnspoeng. Dagens ordning med spesielle kvotar for nordnorske søkjarar og søkjarar med samisk språkkompetanse, meiner utvalet skal førast vidare. Moglegheita til å setja karakterkrav for å koma inn på til dømes lærarutdanningar og


































































































