Panorama Nyheter
24.11.2017
MENINGER: Makt må forståast, men det må også vere rom for å utfordre den. Bistandsaktuelt nyttar utnemninga av ny norsk utanriksminister til å invitere til debatt om ein meir aktivistisk menneskerettspolitikk.
Kjetil Tronvoll startar debatten med å kritiserer vestlege aktørar og deira bistand på feltet for å ikkje forstå lokale maktforhold i Afrika. Eg deler Tronvoll sitt ønske om bistand basert på kunnskap om makt. Kunnskap er bra, og det er enkelt å vere einig i den gamle, men framleis riktige, kritikken av vestleg styresettstøtte som for fokusert på for mange, for enkle, og for 'vestlege' løysingar.
Les merDet eg saknar er ein diskusjon av kva vi skal nytte denne kunnskapen og forståinga til, og ei drøfting av konsekvensane av slike val. Tronvoll seier at vi må forstå mange regjeringar i Afrika sitt behov og ønske om ei sterk utøvande regjeringsmakt. Vestlege regjeringar må også forstå (men ikkje vere einig i) enkelte aspekt av kva denne sterke makta blir brukt til om vi vil samarbeide om viktige mål knytt til helse og utdanning. Ein kan ikkje få i pose og i sekk, seier Tronvoll, og meiner at ein må vere ærlege, og at det er hensiktsmessig å samarbeide med regjeringar i land som Etiopia og Rwanda om dei felles måla som finnes.


































































































