Norsk Landbruk
11.05.2018
Dei siste åra har eg spurt mange I-mek-leverandørar og rutinerte storfebønder om eksempel på fjøs der ein kan flytte på og behandle dyr trygt og enkelt. Det er langt mellom stjerneeksempla.
Spørsmålet fører ofte til ein lang tenkepause. I-mek-leverandørane har gjerne gode eksempel på teiknebrettet og under planlegging. Bøndene har sett fine fjøs, men det er oftast eit men. Ein eller annan stad i dyreflyten i fjøsen, eller inn og ut av fjøsen, har ein måtta kompromisse. Slik er det oftast, både for dei som byggjer nytt og for dei som byggjer om.
I vinter besøkte eg ammekuprodusenten Kristian Hovde i Brumunddal. 36-åringen har bygt eit sorteringsanlegg, der han trygt og enkelt kan både vege, klippe og behandle storfe. Nå kan til og med barna hjelpe far med å drive dyra frå binge til behandling og veging. Så gjeld det berre å lage eit opplegg