Bedre Skole
10.03.2017
Kva er det eigentleg vi diskuterer når vi diskuterer litteratur og skule? Her eit forslag til fem ulike emne som kan bidra til å ordne debatten.
I november og desember 2016 gjekk det ein større debatt i fleire ulike kanalar om litteraturundervisning i skulen. Det kom innlegg frå mange hald, og tilsynelatande er det mykje usemje om emnet. Eit problem med debattar som dette er at dei fort blir polariserte. For media treng skarpe, tabloide motsetjingar. Mellomposisjonar er ikkje så interessante journalistisk sett. Eit anna problem, sett frå ein litteraturdidaktikars perspektiv, er at debatten langt på veg verkar uinformert, og at deltakarane ikkje diskuterer det same. Det gjer at debatten vanskeleg kan føre til noko anna enn meir forvirring. Det følgjande er ikkje først og fremst å forstå som eit innlegg i debatten, men meir som eit forsøk på å rydde litt. Dersom ein ønskjer å diskutere litteratur og skule, og det må ein gjerne gjere, bør ein tydeleggjere akkurat kva det er ein diskuterer. Her er eit forslag til fem ulike diskusjonsemne.
1. Planverk
Kva seier læreplanane om kva litteraturundervisning bør vere? Læreplanane er tilgjengelege for alle som ønskjer å lese dei, og desse kan ein derfor ganske greitt gjere seg opp ei meining om. Mi meining er at skjønnlitteraturen langt på veg er gjort usynleg i den læreplanen som gjeld i dag. Ein finn til dømes ikkje gode grunngjevingar for kvifor ein skal lese litteratur i skulen. Det meiner eg er ein mangel i den gjeldande læreplanen. Det er mange moglege måtar å argumentere for at ein bør bruke til på å lese litteratur i skulen på. Det er mogleg å argumentere for litteraturen innanfor ein literacy-diskurs (som er den dominerande skulepolitiske diskursen), men ein kan òg argumentere på an
Gå til mediet1. Planverk