AddToAny

Leiarar vaktar ikkje helseforskinga godt nok

Kristin S. Grønli Mange rektorar og direktørar har ikkje passa skikkeleg på at helseforskinga er god og etisk forsvarleg. Det viser ein rapport frå Helsetilsynet. Helseforsking kan vere inngripande og innebere risiko for forskingsdeltakarar.
Difor blir det stilt særlege krav til helseforsking, mellom anna ved regulering i eit eige lovverk.

- Etterleving er avgjerande for å etablere og oppretthalde tilliten til helseforskinga, seier Nina Bråthen Torstveit, jurist og seniorrådgjevar i Helsetilsynet.

Ein ny rapport viser at sjukehus, universitet og høgskular ikkje har hatt tilstrekkeleg styring med og oppfølging av at forskinga er god og etisk forsvarleg.

- Eg er ikkje overraska, men dette er ikkje bra nok, seier Camilla Bø Iversen, sekretariatsleiar i Den nasjonale forskningsetiske komité for medisin og helsefag (NEM).

Skubbar frå seg ansvaret

Fleire av verksemdene omfatta av tilsynet har hatt mangelfulle system for å følgje med på om helseforskinga oppfyller krav i lover og forskrifter.

- Prosjektleiarane har stort sett oversikt over lovkrava og følgjer desse. Problemet er at mykje av ansvaret blir lagt heilt over på prosjektleiar, avdeling eller fakultet, medan det også burde vore følgt opp av forskingsansvarleg, seier Torstveit.

Forskingsansvarleg

Forskingsansvarleg verksemd ved øvste leiar har det organisatoriske ansvaret på systemnivå og det overordna ansvaret for eitkvart forskingsprosjekt som går føre seg i verksemda. I praksis kan o

Les mer

Flere saker fra Magasinet Forskningsetikk

Hans H. Wasmuth, initiativtager til Norwait I Magasinet Forskningsetikk nr. 1 2022 uttaler jeg meg om svikt i håndteringen av Norwait-saken. I etterkant har det kommet fram at Helsetilsynet har bedt politiet etterforske kreftstudien.
Elin Fugelsnes Nok en rapport viser at institusjonene mangler systemer som sørger for at forskningen er etisk forsvarlig. Dette kan skade forskningens troverdighet og i verste fall studiedeltagere.
Kristin S. Grønli Kreftforsking ved Haukeland universitetssjukehus gav auka risiko for tidleg død. -Forskingsansvarlege svikta, seier varslar Hans Wasmuth. Tydelege brot på studieprotokollen og ei rekkje spørsmål kring meldeplikta.
Elin Fugelsnes Nina Johannessen mener masterstudenten hun veiledet, gikk glipp av en unik mulighet fordi daværende NSD blandet seg inn i forskningsetikken.
Elin Fugelsnes Etter at den svenske etikprövningslagen ble skjerpet i 2020, har nesten 20 forskere blitt anmeldt for brudd på loven. Maksstraffen er to års fengsel. Inkvisitorisk og Kafka-aktig, hevder kritikerne.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt