Uniforum
05.06.2020
Me er overtydde om at ei ordning med å utvida gjennomføringsstipendet for doktorkandidatar, slik postdoktor Kjersti Lohne føreslår, vil gi kandidatane meir tid til å planleggja karrieren sin, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Rett før pinse delte postdoktor Kjersti Lohne ved Det juridiske fakultetet historia si om kor uvisst det er å vera mellombels tilsett på Universitetet i Oslo.
Les merI eit debattinnlegg i Uniforum fortalde ho om korleis ho etter avslutta doktorgrad hadde fått stipend til å dra til fangeleiren Guantanamo for å samla inn data til eit nytt forskingsprosjekt. Så fekk ho ein epost frå fakultetet der ho blei fortald at det likevel ikkje var mogleg, for då ville ho koma inn under fireårsregelen, og altså kunne krevja fast tilsetjing ved UiO. Derfor måtte UiO avslutta kontrakten med henne og ho måtte ut på «lufting», før ho etter kvart kunne få eit nytt engasjement på UiO. Dermed måtte ho med ferdig doktorgrad gå til næraste NAV-kontor, skriv ho i debattinnlegget i Uniforum. Der møtte ho ei