AddToAny

LEIAR: Mangel på ytringsfridom i Kina trugar no liv i heile verda

LEIAR: Mangel på ytringsfridom i Kina trugar no liv i heile verda
Den beste medisinen Kina kan gi tilbake til resten av verda er innføring av full pressefridom, full akademisk fridom og full ytringsfridom for alle innbyggjarane sine, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Dersom det hadde vore full ytringsfridom og ei fri presse i Kina, kunne verda ha kome koronapandemien i forkjøpet. Det er konklusjonen til organisasjonen Reporterar utan grenser.

Den peikar på ein forskingsrapport frå University of Southampton om utbreiinga av koronaviruset Covid-19. Den viser at om dei ikkje-medisinske tiltaka som blei sette i verk i Kina 20. januar, hadde blitt sett i verk to veker tidlegare, kunne det ha redusert tala på smitta med 86 prosent i Kina og ha redda mange menneskeliv i heile verda. På den andre sida, om tiltaka hadde blitt sett i verk, eit par veker seinare, ville talet på døde og smitta ha vore sju gonger høgare.

Grunnen er at den kinesiske pressa ikkje er fri og derfor heller ikkje kan verna kjeldene sine

Dei kinesiske legane oppdaga tidleg det som seinare viste seg å vera koronaviruset Covid-19, og dei prøvde å få ut informasjon om det. Dei blei arresterte og skulda for å spreia falske rykte. Dei kunne heller ikkje gå til pressa med den informasjonen den kinesiske staten og Det kinesiske kommunistpartiet ikkje ville at dei skal gå ut med. Grunnen er at den kinesiske pressa ikkje er fri og derfor heller ikkje kan verna kjeldene sine.

Då dei kinesiske styresmaktene etter kvart forandra haldning og bestemte seg for å få ut informasjon om kor smittefarleg og kor livsfarleg dette viruset var for eldre og personar med underliggjande sjukdomar, hadde dei allereie tapt to veker i kri

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt