AddToAny

The Lancet-rapport: Tiltaka mot pandemien og klimaendringane må hengja saman

The Lancet-rapport: Tiltaka mot pandemien og klimaendringane må hengja saman
Dersom ein ikkje tar høgde for framtidige konsekvensar av klimaendringane, vil innsatsen som er gjort for å førebu framtidige pandemiar, verta underminert. Det er konklusjonen i The Lancet sin siste rapport om helse og klimaendringar.
Før helga blei den lansert på UiO.

Fem år etter Paris-avtalen har den globale gjennomsnittstemperaturen auka med mellom 1 og 2 grader. Det skjer trass i at nesten alle verdas land blei einige om å jobba for at den globale gjennomsnittstemperaturen helst ikkje skal stiga med meir enn 1,5 grader samanlikna med tida før den industrielle revolusjonen. Det har også vore dei fem varmaste åra på rad, viser rapporten The 2020 Report of The Lancet Countdown on health and climate change.

Fleire døyr av hete

Store utslepp av karbondidoksyd (CO2) har ført til dårlegare luftkvalitet, dårlegare matkvalitet og dårlegare bukvalitet. Resultatet har blitt dårlegare helse for folk som er å uheldige at dei bur i dei mest utsette områda i verda. Dei siste 20 åra har det vore ein auke på 56,7 prosent i dødsfall forårsaka av hete blant personar over 65 år. I 2018 døydde 290 000 personar som eit resultat av at det var for varmt.

Samtidig gjekk 300 milliardar arbeidstimar i heile verda tapt i 2019 på grunn av for høg varme. Indonesia og India var mellom dei hardast råka, men også Europa opplevde store kostnader på grunn av folk som døyde av for sterk varme i 2018.

Rapporten har også fått inn data på kor mange personar i 114 land som var utsette for stor eller svært stor fare for skogbrannar i perioden 2001-2004 samanlikna med perioden 2016-2019. Den viser at det i gjennomsnitt var ein auke i talet på dei dagane då dei kunne oppleva slike øydeleggjande brannar.

Global mattryggleik er truga av høgare temperaturar

67 prosent av byane i verda opplevde klimaendringar som gjekk ut over dei offentlege helseressursane og infrastrukturen. Klimaendringane skaper også skader på miljøet som igjen fører til helseproblem. Også den globale mattryggleiken er truga av høgare stigande temperaturar. Det globale potensialet for dyrking av matplantar har gått ned med 1,8 og 5.6 prosent mellom 1981 og 2019, går det fram av rapporten.

Infeksjonssjukdomar spreier seg raskt

Klimaendringane

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt