Norsk Skogbruk
27.04.2016
Det ser ut til at forstfolka framleis er konservative i tanken på den framtidige skogproduksjonen der maksimal virkesproduksjon er viktigare enn optimal nåverdi av investeringa i ei tid der tynning er ulønsamt. Her bør det vere tid for nytenking ved etablering av ungskogen der planting og avstandsregulering er sentrale element. Her står tretalet sentralt.
Søking på internet viser interessante resultat. Eg byrjar med vår eigen skogforsking. I nettstaden til tidlegare Norsk institutt for skog og landskap, no ein del av Norsk institutt for bioøkonomi, finn eg fagartikkelen: Ungskogpleie øker skogens verdi. Artikkelen slår fast: «Våre bestandssimulatormodeller antyder at verdiproduksjonen ligger høyest når utgangstettheten er i intervallet 160 til 400 stammer/daa, og med et optimum rundt 220 stammer/daa» Det kjem ikkje klart fram kva omgrepet verdiproduksjon betyr.
Skogbrukets Kursinstitutt arrangerer gode kurs i ungskogstell Her blir det slått fast:
«Forskning viser at en utgangstetthet på minst 200 trær/daa for gran og 250 trær/daa for furu er optimalt» Fylkesmannen i Vestfold og Viken Skog har i ein rettleiar føreslått eit tretal for G17 på 120-150 tre/daa og uttalar: «Der det ikke forventes å tynne, som ved lang driftsvei eller vanskelige d
Gå til medietSkogbrukets Kursinstitutt arrangerer gode kurs i ungskogstell Her blir det slått fast: