AddToAny

Kunnskapsrikt og innsiktsfullt om velferdspolitikk

For eit par år sidan kom det ei viktig bok som skildra og analyserte dei velferdspolitiske reformene dei siste 50 åra med hovudvekt på velferdsstaten sine kjerneområde helse, omsorg og trygd.
Denne nye boka, utgitt på same forlag, har det same hovudfokuset, men perspektivet er vidare ved at forfattarane ønsker å sjå samanhengen mellom velferdsordningane og velferdspolitikken.
Det er ei svært god bok. Boka gir eit breitt spekter av faglege innfallsvinklar (sosiologiske, statsvitskaplege, samfunnsøkonomiske) i analysen og forståinga av velferdspolitikken. Velferdsordningane er skildra og drøfta i lys av dagsaktuelle og omstridde politiske tema. Det framstår innsiktsfullt og opplysande og er godt fundert på forskingsbasert kunnskap. Boka fungerer godt også pedagogisk ved at kvart kapittel startar med ei oppsummering av hovudpunkta. I tillegg gir boka oversikt over nettsider som er god å ha dersom ein vil sette seg nærmare inn i politikkgrunnlaget.
Forfattarane viser korleis gode i samfunnet blir oppnådd og fordelt på ulike måtar gjennom stat, marknad, familie og frivillige organisasjonar og viser det kompliserte samspelet mellom desse. I første delen tar dei utgangspunkt i verdigrunnlag for velferdspolitikken, og beskriv, drøftar og problematiserer verdigrunnlaget på ein måte som gir lesaren innsikt og lyst til å lese meir for å forstå korleis velferdspolitikken, gjennom dei mange ordningane, relaterer seg til delvis konfliktfylte verdiar. Hovudfokus er på korleis staten gjennom lovverket, pengeoverføringar og tenesteyting skal realisere dette verdigrunnlaget. Dette er gjort på ein overbevisande måte.

DERETTER SER forfattarane nærare på dei drivkrefter og aktørar som påverkar velferdspolitikken. Dei viser korleis historiske vegval skaper «stiar» som saman med økonomi, demografi, ny kunnskap og teknologi, og ikkje minst politiske forståingsmåtar, påverkar handlingsrommet og verkar inn på den politikken som blir ført. Dette er ei nyttig framstilling av den historiske utviklinga og tener godt som eit bakteppe for dei ordningar som seinare kom. Eg kunne likevel tenkt meg at avsnittet om mediemakt var litt meir utfyllande og i sterkare grad drøfta media si meiningsdannande funksjon. Rett nok blir det nemnd
Les opprinnelig artikkel

Flere saker fra Fontene forskning

Det finnes begrenset kunnskap om hvordan personer med autismespektertilstander (autisme) opplever sorg og tilpasser seg livet etter tap.
Fontene forskning 24.06.2026
Anmeldt av Lisbeth Thoresen Professor, Universitetet i Oslo, Det medisinske fakultet, Institutt for helse og samfunn, Avdeling for folkehelsevitenskap og tverrfaglig helsevitenskap lisbeth.
Fontene forskning 24.06.2026
Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest) og Universitetet i Bergen, 2025: «Beyond adversity: Protective factors, health-related quality
Fontene forskning 24.06.2026
NTNU, 2026: «Når systemene møtes: Tverrsektorielt samarbeid om skolegangen til elever med tiltak fra barnevernet». siri.mordal@samforsk.no
Fontene forskning 24.06.2026
Det er utstrakt bruk av psykotrope legemidler ved utfordrende atferd hos personer med utviklingshemming, ofte uten tilstrekkelig utredning,
Fontene forskning 24.06.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt