AddToAny

- Kommersialisering går ut over tilliten

- Kommersialisering går ut over tilliten
Når det går opp for folk at forskarar har private økonomiske interesser knytt til forskinga si, vil samfunnet sin tillit til forskarar lide, trur professor emeritus Svein Sjøberg.
Kjerstin Gjengedal - Fridom til å kritisere er sentralt for å få forsking med høg kvalitet, seier Svein Sjøberg.

Sjøberg lufta si uro over at nye krav til kommersialisering av forsking har negative konsekvensar både for tilliten til forsking og for forskingskvaliteten i ein kronikk i Aftenposten sist veke. Utviklinga vi ser no, er noko meir enn den debatten om grunnforsking kontra oppdragsforsking som alltid ulmar i UH-sektoren, meiner han.

Det nye er at krav om innovasjon og kommersialisering er løfta opp som ein berebjelke i universitetet sitt oppdrag, på lik line med forsking, undervising og formidling, seier Sjøberg til Forskerforum.

Folk vil vite kven som betalar

I følgje data frå den periodiske europeiske spørjeundersøkinga Eurobarometer, som Sjøberg har vore involvert i, er Noreg det europeiske landet der folk har høgast tillit til offentleg tilsette forskarar. Eit overveldande fleirtal støttar også påstanden om at styresmaktene bør støtte forsking som ikkje medfører umiddelbar gevinst langt fleire enn i våre naboland. Sjøberg påpeikar i kronikken at forskarar i industri og næringsliv ikkje nyt godt av den same tilliten. Folk vil vite kven som betalar for forskinga.

Det er denne tilliten Sjøberg fryktar at universiteta og høgskulane står i fare for å skusle bort, når forskarane si evne til å kommersialisere forskinga si no er blitt eit ideal.

Forsking har sjølvsagt alltid tent visse interesser framfor andre, men idealet har vore å finne sanning. No er kommersialisering blitt det nye idealet, istadenfor noko ein bør prøve å avgrense skadeverknaden av, seier han.

Lovfesting sikrar transparens

Rektor ved UiO, Ole Petter Ottersen, deler ikkje Sjøbergs uro.

Innovasjon og kommersialisering er ikkje noko nytt, tenk berre på Kristian Birkeland og hans forsking som la grunnlag for produksjon av gjødsel og etableringa av Norsk Hydro for meir enn hundre år sidan. Det nye er at innovasjon er blitt eit lovfesta oppdrag for universiteta, og det meiner eg er av det gode. Eit system som er profesjonalisert, gjer prosessane meir transparente og gjer det lettare å luke ut nettopp slike uheldige bindingar som Sjøberg snakkar om, seier Ottersen.

Lovfestinga burde etter mitt syn sikre tilliten til forskinga, ikkje skade den.

Ottersen viser til saka som vart kjent før helga, der fiskeriminister Per Sandberg etter eit møte mellom Havforskingsinstituttet (HI) og Norske Sjømatbedrifters Landsforening uttala til Bergens Tidende at HI skal vere eit næringsvenleg institutt, og produsere forsking som gjer det mogleg å nå dei produksjonsmåla regjeringa har sett for oppdrettsnæringa.

Eg er faktisk meir uroa over bindingar mellom forskarane og våre eigne styresmakter. Eg skulle gjerne sjå den eksterne forskingsfinansiør som ville gjere det same som Sandberg her har gjort. Vedkomande ville blamere seg fullstendig, seier Ottersen.

Lojale forskarar = dårlege forskarar

Svein Sjøberg peikar på at offentleg tillit til forsking berre er éi side av saka. Ein annan fare, meiner han, er at eit forskingssystem som har kommersialisering av forsking som ideal, vil tiltrekkje seg personar som er lojale mot systemet og institusjonen, og som dermed kjenner seg mindre frie til å uttrykkje kritikk.

Eg har sjølv opplevd at når ein forskar på oppdrag, så følgjer det gjerne med på lasset ein forventing om at ein bør vere lojal. Ikkje nødvendigvis til oppdragsgjevaren, men til instituttet og institusjonen som er avhengig av desse pengane. Fridom til å kritisere er jo grunnlaget for systemet med fagfellevurdering, og er sentralt for å få fram nye tankar og idear. Får vi lojale forskarar som er redde for å kritisere, får vi også dårlege forskarar, seier Sjøberg, som utdjupa kritikken sin i Aftenposten måndag.

Ottersen legg vekt på at fridom til å kritisere både pengemakt og statsmakt er heilt grunnleggande for eit universitet. Men han trur ikkje det står i motsetnad til innovasjon og kommersialisering av forsking.

Det som trengst, er ei sterk grad av transparens.Vi treng tydelege retningsliner for å handtere slikt som gåver og donasjonar, og det har vi på plass. Det er sjølvsagt alltid ein fare for at finansiering skapar lojalitetsband, anten pengane kjem gjennom det interne systemet slik Sandberg-saka er eit døme på eller eksternt. Det krev at vi er årvakne, men det blir lettare når systemet er formalisert, seier han.

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt