Universitetet i Oslo var den einaste av dei ni interesserte institusjonane som ikkje deltok på møtet i formiddag. Men i morgon formiddag vil UiO-rektor Svein Stølen ha eit eige møte med organisasjonsdirektør Tore Hansen for å koma med innspel frå UiO om samarbeidet om ei nasjonal avis for universitets- og høgskulesektoren. Det opplyser Tore Hansen til Uniforum. I går diskuterte NTNU-styret eit mogleg samarbeid om nasjonal avis, og i dag var institusjonen for første gong representert på eit møte om dette avissamarbeidet.
- Dominoeffekt
Sjølv er Tore Hansen svært optimistisk når det gjeld utsiktene til å få verkeleggjort dette samarbeidet. - Etter at me i lengre tid hadde samtalar med Universitetet i Bergen om eit avissamarbeid, har dette gitt e