AddToAny

Journalistikken i Afghanistan er truga

Talibans maktovertaking i Afghanistan har ført til ein kraftig reduksjon i talet på både mannlege og kvinnelege journalistar i TV, radio og aviser.
Trugsmål, valdelege åtak og ein uviss arbeidssituasjon har skulda saman med hjerneflukta frå landet, er konklusjonen i ein fersk rapport frå forskarar ved OsloMet og UiO.

Den 15. august 2021 overtok Taliban igjen makta i Afghanistan etter at dei hadde blitt kasta ut av regjeringskontora 20 år tidlegare. Då dei overtok var det eit rikt mediemangfald i landet.

Fire månader seinare hadde det skjedd store endringar. Då var talet på journalistar sterkt redusert og 80 prosent av dei kvinnelege journalistane var ikkje lenger i yrket. Det blei også rapportert om restriksjonar som går utover journalistar og aller mest kvinnene.

Forbod mot open kritikk av Taliban

Dei journalistane som framleis var i yrket, fekk forbod mot å rapportera om valdelege aksjonar som IS i Afghanistan stod bak, om kvinneprotestar, om minoritetar og all open kritikk av Taliban. Samtidig var det stor mangel på informasjon, og på den måten kunne Taliban leggja lokk på gode journalistiske saker. I tillegg er det ein stor grad av sjølvsensur blant dei journalistane som arbeider i Afghanistan. Det er nokre av funna som er gjort i rapporten «Afghan Journalism - Slowly Dying?" om utviklinga av journalistikken i Afghanistan etter at Taliban fekk all makt i landet den 15. august i fjor.

Fleire av forskarane er sjølve til stades for å presentera rapporten på OsloMet tysdag 14. juni.

Prosjektleiar er professor emerita Elisabeth Eide ved OsloMet, og ho har hatt med seg vitskapleg assistent Zahir Athari frå UiO, postdoktor Mahmud Farjani frå OsloMet, Mujeeb Khalvatgar, direktør for Nai som støttar opne media i Afghanistan og masterstudent Hasina Shirzad frå OsloMet. Dei har alle også tilknyting til Journalism and Media International Center (JMIC) ved OsloMet.

Forskarane har undersøkt fleire kjente publikasjonar i Afghanistan og intervjua journalistar både i heimlandet og i eksil. Dessutan har dei også nytta seg av undersøkingar utførte av Human Rights Watch, Reporterar utan grenser, ANJU (den afghanske avdelinga av the International Federation of Journalists -IFJ) og den afghanske avdelinga av the International Association of Women in Radio and Television (IAWRT).

Dei viser til at i dagens Afghanistan dominerer nyhende frå offisielle pressekonferansar og talar av politiske leiarar. Det hender det kan vera kritiske nyhendeinnslag, med underforståtte frasar som «uidentifiserte væpna menn» eller «passproblem». Det kan indikera at det er problem som styresmaktene står bak. Dessutan hender det, ifylgje funna forskarane har gjort at det kan vera kritiske nyhende om protestar, utdanning for kvinner og undertrykking av minoritetar. Talk-showa kan vera alt frå kritiske til informative, går det fram av rapporten.

- Kvinnelege journalistar er utsette for ein større risiko

- Når det gjeld protestar frå

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt