Utdanning
25.08.2017
Jentene får betre karakterar enn gutane, og skilnaden aukar. Men å spå at difor vil jentene også kassere inn høgare løner når dei kjem ut i arbeidslivet, det er usikker spådom.
Skilnaden mellom karakterane til jentene og gutane som gjekk ut av grunnskolen nå i vår, var på 4,5 grunnskolepoeng. I fjor var skilnaden på 4,4. Skilnaden mellom gutar og jenter har auka jamt og trutt sidan 2009. Da var skilnaden på 3,8 poeng. Grunnskolepoeng er eit samla mål for karakterar i fag ved avslutninga av 10. trinn. Det er Utdanningsdirektoratet som legg fram desse tala.
Les merJentene får betre karakter enn gutane i alle fag, men skilnaden er størst i norsk.
Elevane fekk i gjennomsnitt betre karakterar i år enn i fjor. Berre for gutar i Finnmark har den gjennomsnittlege karakteren gått ned. Nå skil det 7,3 poeng mellom gutar og jenter i Fin


































































































