Det var i dag tidleg forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø sleppte nyhendet om at regjeringa ville gi utdanningsinstitusjonane høve til å gi tilleggspoeng til menn som søkjer seg inn på psykologiutdanningar og andre studium som i dag har mange fleire kvinner enn menn.
- Hyggeleg
- Dette synest me er svært hyggeleg, seier utdanningsleiar og professor Trine Waaktaar og studieleiar Bjørnar Hjulstad ved Psykologisk institutt på Universitetet i Oslo. Dei peikar på at statsråden har gått med på det som dei kallar for innføring av strukturelle endringar i opptaksordninga.
- Etter vår oppfatning var dette heilt naudsynt. Me har jobba for å få det til heilt sidan 2011, først måtte me overtala vårt eige fakultet, deretter universitetsstyret, før det no har lege på bordet til Kunnskapsdepartementet i to år. Det siste argumentet som blei brukt mot oss frå statsråd Iselin Nybø, var at det ikkje var naudsynt med tilleggspoeng for menn, så lenge det var over 20 prosent menn på studiet. Faktisk va