Det er Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) som oppnemner sentra og det er også dei som set ned det internasjonale evalueringspanelet som vurderer kvart av sentra for framifrå utdanning. Panelet kom med ei sterk tilråding om at Center for Computing in Science Education måtte få halda fram i fem år til, og i dag vedtok styret for Diku å fylgja tilrådinga.
- Nøgde
Fysikkprofessor og senterleiar Anders Malthe-Sørensen er svært glad då Uniforum gratulerer han og senteret med avgjerda.
- Ja, me er nøgde og det er mange som står bak også studentar som lagar oppgåver som studentar no brukar. Det trur eg også dei synest er moro når dei møter seg sjølv som undervisarar, seier han til Uniforum. Og han trekkjer fram det gode skussmålet senteret fekk av det internasjonale panelet.
- Me fekk også ei god tilbakemelding. Heile prosessen var svært interessant med eit internasjonalt panel som vurderer oss. Dei går gjennom alle element av det me har gjort, noko som gjer at også me må skjerpa oss litt og får oss til å tenkja på kva me har gjort og kva me skal gjera dei neste fem åra. Det er det me blir vurderte på. Slik er prosessen for sentra for framifrå utdanning (SFU) ganske lik som prosessen for sentra for framifrå forsking (SFF), fortel han.
Malthe-Sørensen viser til at kvart senter må skriva ein rapport om det som dei har gjort og ein plan for det som dei ynskjer å gjera.
- Og så kjem det internasjonale panelet på besøk, denne gongen på eit digitalt besøk til senteret. Inntrykket mitt var at det fungerte bra, seier Malthe-Sørensen.
Godt skussmål frå internasjonalt panel
Karakteren frå det internasjonale panelet viser at det ikkje finst nokon tvil om at senteret oppfyller målet dei sette seg, då det blei e