AddToAny

Fortidsdyr er framtidsmat

Fortidsdyr er framtidsmat
Er dei norske landrasane av storfe berre museumsdyr, eller ein del av framtida for norsk matproduksjon? Nils Sigurd Drabløs er bonde og driv med Vestlandsk fjordfe. Han trur at matmarknaden er i ferd med å bli delt i to; dei som vil ha billege bulkvarer og dei andre som vil betale meir for kvalitetsmat med ei historie.
STEDEGENHETSLÆRA, som hevda at ein rase er tilpassa terrenget og klimaet der den har vore i lang tid, står ikkje på læreplanen lengre. Men når ein ser ein buskap med Vestlandsk fjordfe i fullt firsprang ned ei bratt li, forstår ein at desse dyra faktisk har ei evne til å ta seg fram i utmark og utnytte beitet der på ein måte dei moderne rasane ikkje kan.



VI HAR SEKS godkjende landrasar av storfe i Noreg; Dølafe, Telemarkfe, Østlandsk rødkolle, Vestlandsk raudkolle, Sidet trønder-og nordlandsfe og Vestlandsk fjordfe. Landrasane er dei eldste levande kulturminne vi har. Formødrene til desse dyra har vore her i fleire tusen år. Saman med geita sørga dei for at våre forfedre gjekk over frå å vere jegerar og samlarar, til å verte fastbuande bønder. Dei har forma kulturlandskapet vårt både i låglandet, i fjellet ved stølsdrift, ved kysten på Vestlandet og i Nord-Noreg. Dei gjorde det mogleg å livberge seg på dei små hyllegardane i verdsarvområda i fjordane våre.

TINE HAR REKNA ut at vår buskap av Vestlandsk fjordfe tok opp 8,2 fôreinigar gras i utmarka på fjellet. Dei to buskapane som går i området no, held ope 1700 da kulturlandskap. Samtidig tok Norsk Rødt Fe, NRF, opp litt meir på eit fulldyrka fellesbeite. Det vart rekna ut i frå ytelse, fosterproduksjon, vekttillegg/-tap og kraftfôropptak. Om ein reknar opptak per kilo kroppsvekt, i snitt 400 kilo mot NRF 600 kilo, er Vestlandsk fjordfe overlegne i beitekapasitet. Om produkta frå landrasane er sunnare enn NRF kan vi vise til analyser utført i Uppsala:

I mjølk frå våre kyr var det 1 del omega 3 og 0,9 deler omega 6. I kjøt 1 del omega 3 og 1,2 deler omega 6, i feitt 1 del o
Gå til mediet

Flere saker fra Ren Mat

Om eg fortel deg at huda di er eit økosystem, kva ynskjer du å gje ho?
Ren Mat 01.12.2023
Reins Kloster Akevitt, ble først lansert i 2012 etter at Reins Kloster og 3-4 andre gårder med tidligere tilknytning til Klosteret gikk sammen for å lage Norges første økologiske akevitt.
Ren Mat 01.12.2023
DEN GRØNNESTE VINEN er den som ikke drikkes. Slik resonneres det i hvert fall rundt strøm som ikke brukes.
Ren Mat 01.12.2023
Du trenger
Ren Mat 01.12.2023
Julen er høysesong for å nyte vår nasjonalsprit norsk akevitt. Brennevinet har i løpet av de siste tiårene gått fra å være ansett som fattigmanns trøst til å bli en nasjonal merkevare som kan måle seg med hvilken som helst importert brennevin.
Ren Mat 01.12.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt