Uniforum
03.03.2020
200 personar kom for å høyra Linda Eide og Gunstein Akselberg i Eides språksjov på Ordfestivalen spezial på Scene Humsam tysdag ettermiddag. - Det er eit fantastisk flott publikumstal, synest festivalgeneral Kristin Bech.
Madrassa kjem frå arabisk i Det osmanske riket medan drosje og torg kjem frå russisk. Og ingen norske gammaldansar er norske, det er det berre folkedansar som springar og halling som er. Det var nokre av dei svara dei 200 frammøtte fekk svar på under Eides språksjov på Scene Humsam i Georg Sverdrups hus tysdag ettermiddag.
Les merEides språksjov med NRK-kjendis Linda Eide og språkprofessor Gunstein Akselberg frå Universitetet i Bergen var trekkplastra på den andre dagen av Ordfestivalen på Det humanistiske fakultetet. Den blei opna av rektor Svein Stølen i går, og då var