Fontene forskning
09.06.2022
Barn og unge sin medverknad i barnevernet har dei siste åra vore gjenstand for fleire fagdebattar, og temaet har fått auka forskingsinteresse i fagfeltet.
Likevel er det lenge sidan det har komme ei lærebok retta mot arbeid i barnevernet med medverknad som einaste tema. Vi har Sissel Seim og Tor Slettebø sin klassikar «Brukermedvirkning i barnevernet» frå 2007 og Astrid Strandbu si bok frå 2011 «Barnets deltakelse i hverdagslige og vanskelige beslutninger». Sett på bakgrunn av alle endringar som har skjedd rundt barn og unges rett til medverknad i barnevernet er tida difor moden for denne boka av forfattar Veronika Paulsen. Boka kom i februar 2022.
Utgangspunktet i boka er at barn og unges medverknad er ein viktig føresetnad for godt barnevernsarbeid. Sjølv om barn og unges rett til medverknad er sikra juridisk og det er brei semje i samfunnet om at barn og unges medverknad er ein viktig verdi, har det vist seg å vere utfordrande å få til i praksis. Med dette som bakteppe, er boka si målsetjing å bidra til ei auka forståing av kva medverknad er og kva betydning medverknad har for barn og unge sitt møte med barnevernet. Vidare har boka eit mål om bidra til auka kunnskap om kva praksisar som sikrar barn og unges medverknad slik at til-
VERONIKA PAULSEN HAR med denne boka lukkast i å få dette til. Den er lett å lese, har ein god struktur og oppbygging, og innhaldet baserer seg på oppdatert forsking på feltet. Forfattaren klarar også å rydde i eit landskap prega av stort mangfald i forståingar og teoriar om kva medverknad er. I boka presenterer Paulsen ulike perspektiv på medverknad og korleis val av perspektiv også har konsekvensar for praksis. Ein annan styrke er at forsking og forteljingar som tek utgangspunkt i barn og unges eigne erfaringar med medverknad får mykje plass. Boka står med dette fram som ei solid og god grunnbok for alle som skal utdanne seg innan barnevern eller som jobbar i barnevernet.
Boka har 135 sider, er delt inn i sju kapitt
Les opprinnelig artikkelUtgangspunktet i boka er at barn og unges medverknad er ein viktig føresetnad for godt barnevernsarbeid. Sjølv om barn og unges rett til medverknad er sikra juridisk og det er brei semje i samfunnet om at barn og unges medverknad er ein viktig verdi, har det vist seg å vere utfordrande å få til i praksis. Med dette som bakteppe, er boka si målsetjing å bidra til ei auka forståing av kva medverknad er og kva betydning medverknad har for barn og unge sitt møte med barnevernet. Vidare har boka eit mål om bidra til auka kunnskap om kva praksisar som sikrar barn og unges medverknad slik at til-