KS er uskikka til ansvaret
KS syner med sin unisone konklusjon, avgjort bak lukka dører på styremøte, at dei er uskikka til ansvaret som dei motvillig er tildelt, etter at Kulturtanken fekk revidert mandat om å vera forhandlingspart om lønn i Den kulturelle skulesekken (DKS). Eg sat sjølv i forhandlingsmøter med KS for den avtala som vart gjort for oppdragstakarar, og erfarte med undring korleis spørsmål om kvalitet ikkje hadde plass i diskusjonen. Det var meininga den gangen at ein skulle forhandle fram begge typar avtale, oppdrag og lønn, slik ordninga var handsama før. I staden har eg site på balkongplass og vore vitne til at systemet artar seg som eit uhell der ingen er villige til å ta på seg ansvaret for kvalitet - men alle tek seg rett til å snakke om kvaliteten. Nok snakk, seier eg.
Hovudtariffavtalen fungerer ikkje for DKS-utøvarar
KS hevdar at spørsmål om løn