Me intervjuar han sjølvsagt i Matematikkbygningen på Blindern. Det var også der han sat og løyste oppgåver då den virtuelle meisterskapen blei arrangert. Og haustferien blei innleia med at han fekk meldinga om at han for første gong hadde vunne Den internasjonale matematikkolympiaden for ungdom. Det er Andreas Alberg svært nøgd med, gir han utrykk for når Uniforum gratulerer han med sigeren.
-Takk for det. Dei tre åra eg har deltatt tidlegare har eg gjort det litt betre år for år, så derfor var det gøy endeleg å få gull fordi det skjer ikkje så ofte for nordmenn. Då får eg litt igjen for arbeidet eg har lagt ned. Det er ikkje berre gøy å få medaljen, men også å løysa sjølve oppgåva. Det er kjekt å kunna setja seg ned med den vanskelegaste oppgåva, og under konkurransen hadde eg fleire rette idear og fekk utteljing for desse i form av 4 av 7 moglege poeng, fortel han.
Tredje nordmann med gull
Andreas Alberg er den tredje nordmannen som har vunne gullmedalje i matematikk-OL. Dei førre gongene det skjedde var då David Kunszenti-Kovács vann i 2002 og då Jørgen Vold Rennemo vann i 2008.
- Kva synest du var det vanskelegaste med oppgåva denne gongen?
- Formatet på konkurransen er at den går over to dagar med tre oppgåver kv