Politiforum
18.11.2017
For mange politifolk er dette ei krevjande og delvis dramatisk tid. Politireforma vart vedteken i 2015 av eit sentraliseringsivrig stortingsfleirtal, men no - over to år seinare - er det at det verkeleg skjer.
Politidistrikta har allereie blitt oppdelte, men alle strukturane er ikkje på plass enno, og no skal mange nedleggingar og samanslåingar av lensmannskontor og politistasjonar skje.
Les merIkkje berre det: Stillingar skal endrast og flyttast og mykje er usikkert, folk må søkje på nytt.
Kva fører dette til? Jo, uansett om det er tilsikta eller ikkje, har det medført at kritiske stemmer frå politiet si side har vore langt færre enn det er grunn til.
Altfor mange polititilsette har klokeleg nok tenkt at dei ikkje må gjera noko som øydelegg for moglegheita til å behalde ein jobb i politiet, eller for moglegheita til å få ei høgare stilling.
Dette er ikkje feigheit, det er på mange måtar klokskap.
Jenny Klinge sitter i justiskomiteen for Senterpartiet. Bilde: Senterpartiet
Resultatet er likevel at reforma ikkje blir så god som ho kunne ha vorte.


































































































