AddToAny

Dei protesterer mot åtaka på universitet i India

For ei veke sidan tok 50 maskerte menn væpna med jernstenger og køller seg inn på universitetet Jawarharlal Nehru University i den indiske hovudstaden Delhi. 30 studentar og akademikarar blei skadde.
Akademikarar i Noreg har no sett i gang ein protestaksjon.

Ei av dei som fekk merka valden var Aishe Ghosh som har leia studentdemonstrasjonane i Delhi. Ho måtte sy 16 sting i etter skader i hovudet,, melder The Guardian og BBC. Politiet sette henne likevel på ei liste over personar som er etterlyste for å ha drive med hærverk og øydeleggingar av datautstyr på universitetsområdet.

100 personar har skrive under på protest

Åtaket på studentar og akademikarar på Jawarharlal Nehru University har no fått akademikarar i Noreg til å protestera. På initiativ frå professor Alf Gunvald Nilsen ved Institutt for sosiologi ved University of Pretoria (tidlegare UiB og UiA) med støtte frå professor Arild Engelsen Ruud ved IKOS på UiO og førsteamanuensis Kenneth Bo Nielsen ved Sosialantropologisk institutt (UiO) og redaksjonsmedlem Gudrun Cecilie E. Helland i nettavisa asiapunkt.no, har dei sett i gang ein underskriftsaksjon på nettet.

Så langt har over 100 personar skrive under protesten. Jawarharlal Nehru University er det tredje universitetet som er blitt angripe i løpet av kort tid. Dei to første var Jamia Millia Islamia og Aligarh Muslim University.

Aksjonar mot auka studieavgifter og ny statsborgarlov

Jawaharlal Nehru University er det mest prestisjetunge universitetet som er blitt utsett for åtak frå væpna grupper sidan august i fjor, skriv både The Guardian og BBC. Fleire samfunnstoppar i India, også finansministeren, har utdanninga si frå det universitetet. I heile landet har studentar engasjert seg mot endringane i statsborgarlova, som opnar for å gi alle flyktningar indisk statsborgarskap, så sant dei ikkje er muslimar. Ein varsla auke av studieavgiftene er ein annan grunn til at studentar og akademikarar går ut på gatene for protestera.

- Studentane og

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt