AddToAny

Dei er einige: Gratisprinsippet i norsk utdanning står fast

Det må haldast fast på gratisprinsippet i det norske utdanningssystemet. Det var alle deltakarane i debatten Tankesmia Agenda skipa til i dag tidleg, einige om.
Det grunnleggjande mantraet i norsk utdanning etter den andre verdskrigen er at alle skal ha like sjansar til utdanning. Men er det ikkje eigentleg slik at det er bakgrunnen til foreldra som bestemmer om du tar høgare utdanning eller heller vel å ta eit yrkesfag? Det var mellom anna dette spørsmålet Tankesmia Agenda inviterte politikarar og representantar for forskingsinstitutt, LO og NHO til å debattera under ein frukostmøte i Kulturhuset i Oslo i dag.

- Kan så tvil

Rådgjevar Axel Fjeldavlie i Agenda viste til tal som peikar på at utdanninga til foreldra går i arv til barna. - Dei som har foreldre utan akademisk utdanning, slit meir enn andre i høgare utdanning. Difor kan me så tvil om det eigentleg er lik rett til utdanning i Noreg, sa han.

Fjeldavlie blei bakka opp av forskar Ingvild Reymert ved NIFU - Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning. Men ho understreka sterkt at det ikkje handla om foreldra hadde mykje eller lite pengar.

- Nei, det handlar meir om den kulturelle kapitalen til foreldra enn om inntekta deira, slo ho fast. For å støtta sitt eige argument drog ho inn statistikk over kva ungdommar som fekk gjennomsnittskarakteren 4 frå ungdomsskule, ville gjera etterpå. - Tala viser at utanfor Oslo vil 36 prosent av dei søkja seg inn på studiespesialisering i den vidaregåande skulen, medan talet for Oslo syner at heile 97 prosent av dei vil velja studiespesialisering, konstaterte ho.

Axel Fjeldavlie skulda også på haldningane til foreldre både med og utan ak

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Hittil i år har 74 prosent av de etiopiske søkerne fått tillatelse til å studere i Norge, opplyser UDI.
Uniforum 18.11.2019
Administrasjonen på UiO fikk gjennomgå i prosedyren til Roya Sabetrasekhs advokat Sverre Lilleeng.
Uniforum 18.11.2019
Noregs eldste kor, Den norske Studentersangforening vann nyleg NM for beste elitekor og beste sakralkor og tok også sigeren i noregsmeisterfinalen.
Uniforum 17.11.2019
Nettverket Scholars at Risk, som vernar forfylgde akademikarar over heile verda, får eit bidrag på 1,3 millionar kroner frå regjeringa.
Uniforum 15.11.2019
Studenter fra Norge og rike land - med god finansiering - får ofte eget eller delt kontor. Studenter fra Sør, med dårligere finansiering, må ofte ta til takke med en delt lesesalsplass.
Uniforum 15.11.2019

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten golferenno gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt