Vi som arbeidar med implementering og gjennomføring av De Utrolige Årene (DUÅ) i Fjell kommune, opplever at kronikken «Målstyring kveler barns stemmer» skrevet av masterstudent Elisabeth Tolo, står i sterk kontrast med det som er våre erfaringar med programserien. Vi ønskjer med dette innlegget å dele nokre av våre erfaringar, og etter alt å dømme bidra til å balansere synspunkta som kjem fram i nemnde kronikk.
Fjell kommune valde å satse på implementering av DUÅ frå 2006, først program i foreldrerettleiing, og dernest program som er retta mot personell i barnehagar, og vidare universalførebyggjande program retta mot barna. Satsing på DUÅ var eitt av fleire tiltak initiert frå eit tverrfagleg samansett team, med mål om å styrke vaksenrolla (foreldre, skule- og barnehagepersonell, anna personell som har omsorg for barn), fremje psykisk og sosial helse hos barn og unge, og å auka kvaliteten på tenestene til barn og unge. Det var eit mål at satsinga skulle byggja på forsking og evidensbaserte tiltak og Helsedirektoratet sine anbefalingar, og satsinga har h